Nataša Pirc Musar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nataša Pirc Musar
Remove ads

Nataša Pirc Musar (fødd 9. mai 1968) er ein slovensk advokat, journalist, forfattar og politikar som frå 23. desember 2022 har vore president i Slovenia. Ho har tidlegare hatt ei rolle som eit nasjonalt data/informasjonsombod[a] (2004–2014) og ho har vore president i den slovenske Raudekrossen (2015–2016).

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

I 2022 melde Pirc Musar sitt kandidatur til valet av president for republikken Slovenia og sigra i andre runde over motstandaren sin, Anže Logar. Ho blei vald som den fyrste kvinnelege presidenten i Slovenia. Ho tiltredde stillinga 23. desember 2022.[1] Etter den slovenske forfatninga har presidenten hovudsakleg ei seremoniell rolle.[2]

Remove ads

Biografi

Nataša Pirc Musar blei fødd 9. mai 1968 i Ljubljana i det dåverande Jugoslavia.[3] Ho har studert juss ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Ljubliana. Etter eksamen i 1997, da ho også fekk advokatløyving, jobba ho i ulike fjernsynskanalar.[4] Frå 2001 var ho leiar for kommunikasjonsavdelinga i Aktiva Group.[5] Frå 2004 til 2014 var Pirc Musar data- og informasjonsombod ved den slovenske høgsteretten.[6]

Ho tok doktorgrad ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Wien i 2015.[7][8][9]

Politisk karriere

23. juni 2022 kunngjorde Pirc Musar at ho stilte som uavhengig kandidat til presidentvalet som skulle finne stad 23. oktober 2022.[10][11] Ho var den fyrste som melde kandidaturet sitt, og fekk støtte frå dei tidlegare presidentane Milan Kučan og Danilo Türk.[12]

I den fyrste valomgangen i presidentvalet blei Pirc Musar nummer to med 26,88 % mot kandidaten Anže Logar frå Det slovenske demokratiske partiet, som fekk 33,95 % av røystene. I andre valomgang 13. november 2022 fekk Pirc Musar 53,89 %.[13] Ho blei tatt i eid som president 23. desember 2022.

Remove ads

Privatliv

Pirc Musar er gift med forretningsmannen Aleš Musar.[14][15]

Merknadar

  1. Den slovenske tittelen er informacijske pooblaščenke, direkte omsett «informasjonskommisær».

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads