Nattfiol
planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nattfiol (Platanthera bifolia) er ei plante i nattfiolslekta Platanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1]
Nattfiol | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Platanthera | ||
Art: | P. bifolia | ||
Underartar | |||
| |||
Vitskapleg namn | |||
Platanthera bifolia
(Linné) Rich. | |||
Økologi | |||
Habitat: | skog, eng | ||
Utbreiing: | Eurasia |
Remove ads
Utsjånad
Nattfiol kan bli kring 40 centimeter høg, og har kvite blomar med lang spore i eit glisent aks. Han er oftast litt mindre og spinklare enn grov nattfiol. Hos nattfiol ligg dei to støvbærarane tett ved sidan av kvarandre inne i blomen, medan dei hos grov nattfiol spriker som ein oppned «V». Blomane duftar søtleg, mest om natta, noko som heng sama med at dei blir bestøva av nattaktive tussmørkesvermarar (Sphingidae).
Remove ads
Systematikk
I Noreg har nattfiol desse to underartane:[2]
- heinattfiol (nominatunderarten P. bifolia ssp. bifolia)
- skognattfiol (P. bifolia ssp. latiflora)
I Plants of the World Online er skognattfiol ikkje rekna som ein eigen underart, men som eit synonym for heinattfiol.[3]
Utbreiing
Nattfiol veks gjerne i ulike typar slåtte- og beitemark, vegkantar, lyngheier og (beita) skog. Arten lever i det meste av landet, med to tyngdepunkt sør på Austlandet og i Midt-Noreg.[4] I Norsk raudliste for artar (2021) er arten vurdert som livskraftig (LC).[5]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn nattviol),[6] i Danmark (NT, dansk namn bakke-gøgelilje)[7] og i Finland (LC, finsk namn valkolehdokki).[8]
Nattfiol (engelsk namn lesser butterfly orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[9] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[10] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England[11] og sårbar (VU) i Skottland,[12] men livskraftig (LC) i Wales.[13] I Irland har han status som livskraftig (LC).[14]
I Estland (estisk namn kahelehine käokeel) er nattfiol vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[15] I Latvia (latvisk namn smaržīgā naktsvijole)[16] er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[17] I Litauen (litauisk namn dvilapė blandis) veks arten over heile landet og er rekna som livskraftig.[18][19]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn welriekende nachtorchis, fransk namn platanthère à deux feuilles) spreidd i Nederland, men er i sterk tilbakegang, særleg i sør. I Belgia er han svært sjeldan og i tilbakegang i Flandern, litt vanlegare i Vallonia.[20][21] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[22] I Belgia er han rekna som sterkt truga både i Flandern (EN, bedreigd) og i Vallonia (EN, en danger).[23][24] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[25]
Hybridar
Det er gjort funn av hybridar mellom nattfiol og grov nattfiol (Platanthera bifolia × chlorantha eller Platanthera ×hybrida)[26] i Vestfold, utan at det er klarlagd kva for ein underart av nattfiol som er involvert. Hybriden er truleg oversett.[27] Hybriden med heinattfiol (Platanthera bifolia ssp. bifolia × chlorantha) er registrert fleire stader i det sørlege Sverige,[28] medan hybriden med skognattfiol (Platanthera bifolia ssp. latiflora × chlorantha) er registrert nokre få stader.[29] I Finland er berre skognattfiol representert, så der er det denne hybriden som finst på Åland og heilt i sørvest på fastlandet.[30] I Danmark er båe underartane representerte i hybridane.[31] På Dei britiske øyane er hybriden kjend frå spreidde lokalitetar, men det er ikkje skild mellom underartane.[32] Hybriden er òg registrert i Estland,[33] i Litauen[34] og i Nederland[35] utan at det er skild mellom underartane.
I Sverige er nattfiol (som i dette tilfellet då helst er skognattfiol) rapportert å kunne danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia), men funnet er ikkje verifisert.[36]
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads