Naustdal kyrkje
kyrkje i Sunnfjord kommune i Sogn og Fjordane From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Naustdal kyrkje står i Naustdal sentrum i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891.
Bygget er teikna av arkitekt Adolf Schirmer og rommer 650 personar, noko som gjer henne til den største kyrkja i Sunnfjord prosti.[1]
Dagens kyrkje erstatta ei steinkyrkje frå kring 1150 som var vorten for lita. Steinkyrkja i Naustdal var mellom dei aller siste mellomalderkyrkjene i Noreg som vart rivne. Korbogen i kleberstein frå gamlekyrkja vart teken vare på og står som port i muren kring kyrkja og kyrkjegarden, medan altartavla frå 1675 og preikestolen frå 1671 er i Bergen Museum.[2]
Preikestolen og døypefonten som er i kyrkja er frå 1891. Altartavla viser trøystaren Kristus og er ein kopi etter Carl Bloch. Ein veit ikkje kven som har måla kopien.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Naustdal sokn i Sunnfjord prosti.[1]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads