Nawa i Syria

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nawa i Syria
Remove ads

Nawa (arabisk نوى) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Daraa guvernement. Han ligg 568 meter over havet og hadde i 2007 eit folketal på 59 170 i 2007, noko som gjer han til den 28. største byen i Syria.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

I antikken høyrte byen Neve til den romerske provinsen Arabia Petraea.[1]

Remove ads

Historie

Nawa er definert som byen som Job budde i og gravstaden til Sem, sonen til Noa.[2]I følgje den arabiske geografen al-Muqaddasi er byen omtalt av Georg av Kypros («Descriptio orbis romani», ed. Heinrich Gelzer, 54) på 600-talet, og Revue biblique (III, publisert 625).[1] Under det islamske kalifatet Rashidun, umayyadane, og abbasidane, var han ein del av Jund Dimashq og hovudbyen i Hauran. Al-Mas'udi skreiv i 943 at ein moske tileigna Job låg 5 km frå Nawa.[3] På 1200-talet vart byen mindre viktig og Yaqut al-Hamawi skreiv i 1225 at Nawa var «ein liten by i Hauran», tidlegare hovudstad i regionen. Han skreiv òg at grava til Job låg der.[4][5] I 1277 vart imam Yahya ibn Sharaf al-Nawawi, ein viktig muslimsk lærd, fødd i byen.[6]

I 1596 stod Nawa oppført i osmanske skattelister som Nawi og var ein del av Jaydur nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 102 hushaldningar og 43 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[7]

Remove ads

Kyrkjehistorie

Bispedømet Neve (Nawa) var eit underbispedøme under Bostra, metropolittsetet Arabia Petraea. To av biskopane er kjende:

Isak, nemnt av Le Quien som ein tredje biskop, kring 540 (Oriens christiana, II, 864).

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads