Naxalittar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Naxalittar er medlemmer av ein revolusjonær venstreradikal rørsle i India. Ho har namn etter Naxalbariområdet i Vest-Bengal, der ho oppstod på 1960-talet. Rørsla dreiv omfattande geriljaverksemd rundt 1970, men blei svekka etter ein motoffensiv frå dei indiske styresmaktene i 1971.

I 1990-åra var enkelte fraksjonar aktive, særleg i Bihar og Andhra Pradesh. Naxalittane er ideologisk forankra i maoismen, og knytte band til maoistgeriljaen i Nepal. Rørsla har også hatt aktivitet i delstatane Jharkhand, Orissa, Bihar, Chhattisgarh, Andhra Pradesh, Uttar Pradesh, Karnataka og opphavsstaden Vest-Bengal.

Rørsla var framleis aktiv på 2010-talet, og er eit viktig tryggleiksspørsmål i India. Kampen mellom naxalitane og styresmaktene har kravd fleire tusen dødsoffer, mange av dei sivile. Rørsla hevder ho kjempar for rettane til oversette bønder. Naxalittane ønskjer å skipa eit kommunistisk samfunn gjennom ein væpna kamp mot det dei meiner er den «semi-koloniale» og «semi-føydale» styreforma i India.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads