Nebblaksetobis
fiskeart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nebblaksetobis (Magnisudis atlantica) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som lever i dei fleste av dei tempererte og tropiske hava i verda.
Remove ads
Utsjånad
Fisken er lang og smal med spist hovud og stor munn. Kroppen minner om den til ein barrakuda,[1] og bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak. Den lengste finnen, analfinnen, har mellom 21 og 25 finnestråler. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne.[2] Lengda kan bli opptil 56 cm.[3]
Levesett
Nebblaksetobis er ein pelagisk fisk som lever frå havoverflata til djupner på 4 700 meter. Føda består av småfisk og reker. Arten er sjølv føde for haiar, tunfisk og kvalar. Han har ingen særskild paringssesong, men kan formeira seg heile året.[3]
Utbreiing
Arter er blitt funnen i alle tempererte og tropiske hav mellom 69°N og 61°S. Han går berre sjeldan inn i Nordsjøen (den nordre delen) og Skagerrak, og finst ikkje i Middelhavet.[3]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads