Nedstryn kyrkje
kyrkje i Stryn kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nedstryn kyrkje står på Kyrkjeeidet kring fire kilometer nordaust for Stryn sentrum i Stryn kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1859.
Teikningane til kyrkja vart laga av kaptein Ludolph Rolfsen. Han støtte seg på typeteikningane til Hans Ditlev Fransiscus Linstow i arbeidet.
Kyrkja er soknekyrkje i Nedstryn sokn i Nordfjord prosti. Ho erstatta ei tømra kyrkje frå 1600-talet. Gamlekyrkja vart riven og seld på auksjon i samband med bygginga av den noverande kyrkja. Det har vore kyrkje på staden sidan 1200-talet.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads