Sjøkreps
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sjøkreps eller bokstavkreps (Nephrops norvegicus) er eit krepsdyr i hummerfamilien. Han lever på mjuk botn på 15-800 m djupn langs store delar av det austlege Atlanterhavet, og er vanleg å ta i trål saman med djuphavsreker. Dyret liknar hummer i kroppsform, men er mindre (12-24 cm) og slankare. Fargen varierer mellom raud og gul, ofte med lyse merke på ryggskjoldet. Det er desse som har gjeve arten tilnamnet bokstavkreps.
Sjøkrepsen er eit einsamt rovdyr, som lever av andre dyr han finn på botnen.
Den muskuløse halen er god mat. Omkring 60 000 tonn vert difor teke kvart år, halvparten av den britiske fiskeflåten. Båtar som driv med sjøkrepsfiske får òg ein del flyndre, noko som bidreg til at fangsten vert økonomisk forsvarleg.
Dyrerekka Cycliophora, som lever kommensialistisk på munndelane til dyr i hummerfamilien vart først oppdaga på sjøkreps.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- (no) Sjøkreps hos Artsdatabanken
- (en) Sjøkreps – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Sjøkreps i Catalogue of Life
- (en) Sjøkreps i Encyclopedia of Life
- (en) Sjøkreps i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Sjøkreps hos Dyntaxa
- (en) Sjøkreps hos Fossilworks
- (en) Sjøkreps hos ITIS
- (en) Sjøkreps hos NCBI
- (en) Kategori:Nephrops norvegicus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Nephrops norvegicus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads