Nerlandsøybrua

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nerlandsøybruamap
Remove ads

62.33991°N 5.606464°E / 62.33991; 5.606464

Kjappe fakta Type, Opna ...

Nerlandsøybrua er ei bru mellom Bergsøya og Nerlandsøya i Herøy kommune i Møre og Romsdal.

Nerlandsøybrua vart offisielt opna 25. september 1968, same dagen som Remøybrua, sjølv om Nerlandsøybrua var seinare ferdig. Grunnen til dette var at bruene var del av det same finansieringsprosjektet. Nerlandsøybrua vart påbyrja seinare, men vart først og fremst forsinka grunna sterke stormskader to gongar vinteren i førevegen.

Brua er ein del av fylkesveg 20, og kryssar Søre Vaulen, frå Igesund på Bergsøya til Kvalsund på Nerlandsøya. Brua er 430 meter lang.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Nerlandsøybrua


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads