Nerlandsøya

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nerlandsøya
Remove ads

Nerlandsøya er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Nerlandsøya er den tredje største øya i kommunen etter Gurskøya og Leinøya, og ligg nordvest for Skorpa og vest om Bergsøya. Innbyggjartalet per 2024 var 842, fordelt på grunnkrinsane Kopparstad, Kvalsund og Kvalsvika.

Remove ads

Geografi

Nerlandsøya er skilt frå Skorpa av Skorpesundet og frå Bergsøya av Søre Vaulen. Fylkesveg 20 kjem over til Nerlandsøya frå Bergsøya, via Nerlandsøybrua. Denne vegen deler seg og går så vidare mot høvesvis Kopparstad og Kvalsvika (då som fylkesveg 21). På austsida av øya ligg Breidsundet og Holmefjorden, som skil øya frå Remøya.

Topografi

Øya har fått namnet sitt etter dei låge delane av øya, då særskilt midt mellom fjellmassivet Kvalsundfjellet og det som Mulefjellet er ein del av. Den lågaste delen av dette området har òg fått namnet Nerland. Den høgste toppen, som ligg på Kvalsundfjellet, er Varden og er 430 meter høgt. Søraust på øya, aust om Kvalsundfjellet, er det òg lågt og til ei viss grad mogleg å drive jordbruk. I vest, mellom Kvalsundfjellet og Mulefjellet, ligg Mulevika som siste stoppestad før Atlanterhavet.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2024[3]
124 314 872 842
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads