Netiv HaAsara
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Netiv HaAsara (hebraisk skrift נְתִיב הָעֲשָׂרָה, tyder Stien til dei ti) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 704 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Moshaven vart grunnlagd i 1982 av 70 familiar som tidlegare hadde budd i den israelske busetjinga Netiv HaAsara på Sinaihalvøya. Denne vart evakuert som følgje av Camp David-avtalane.[1] Den opphavlege moshaven vart kalla opp etter ti soldatar som vart drepne i ei helikopterulukke sør for Rafah i 1971, og heitte opphavleg «Minyan».[2]
Etter Israel trekte seg ut av Gaza i 2005, vart Netiv HaAsara den nærmaste busetnaden i Israel til Gazastripa, berre 400 meter frå utkanten av den palestinske byen Beit Lahiya. I sørenden av landsbyen vart ein parkeringsplass omgjort til ein base for Det israelske forsvaret og det vart sett ut ei stridsvogn der. Eit elektrisk gjerde for å stoppe infiltrasjonsforsøk frå Gaza, og tre betongmurar, vart bygd for å verne mot potensielle, palestinske snikskyttarar.[1]
Moshaven var eit mål for Qassam-rakettar,[1] Katyusha-rakettar,[3] og bombekastargranatar.[4] I 2007 sende Populær motstandskomité to geriljasoldatar for å infiltrere moshaven, men dei vart drepne av IDF.[5]
Dana Galkowicz, ei 22 år gammal israelsk-brasiliansk kvinne, vart drepen den 14. juli 2005 av ein Qassam-rakett som råka Netiv HaAsara. 20. mars 2010 vart ein thailandsk arbeidar drepen.[6]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads