Netthaletrogon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Netthaletrogon (Trogon clathratus) er ein fugl i trogonfamilien og finst i eit utbreiingsområde avgrensa til landa Costa Rica og Panama.
Remove ads
Skildring
Denne relativt store trogonen er ca. 30 centimeter lang. Som dei fleste trogonar, syner arten sterkt kjønnsdimorfisme. Han skil seg frå alle andre trogonartar i utbreiingsområdet med sin lyse iris. Hannen har grøn overside, grønt hovud og øvre bryst. Andletet og strupeområdet er mørkt, vengene lys gråe. Heile undersida med undergump er raud. Oversida av halen er mørk blå, undersida mørk grå med smale, kvite tverrstriper. Nebbet er gult. Til samanlikning har hoa fjørdrakt i heilt mørk grått til olivenbrunt, men buken og undergumpen er raudfarga.[1] Netthaletrogon liknar mykje oransjenebbtrogon som lever i tilgrensande område, men oransjenebbtrogon manglar tverrstriper på undersida av halen og dei har raudoransje augering.[2]
Songen til netthaletrogonar består av ein serie av opp mot ca. 15 tonar som først aukar i snøggleik og styrke og deretter fell brått mot slutten.[3] Songen er langt meir distinkt, kortare og mindre nasal enn hos oransjenebbtrogon.[4]
Som trogonar flest sit netthaletrogonar mykje rolege. Dei lever av frukter, store insekt og jamvel små amfibium og reptil, lågt eller middels høgt i trekroner i våt skog. Utbreiingsområdet er på nordsida av den sentrale fjellkjeda gjennom Panama og Costa Rica, mellom 90 og 1360 moh.[1]
Populasjonen er ikkje estimert, er trudd å vere minkande, men arten er klassifisert som livskraftig.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads