Netzer Sereni

From Wikipedia, the free encyclopedia

Netzer Sereni
Remove ads

Netzer Sereni (hebraisk skrift נֵצֶר סֶרֶנִי) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah mellom Be'er Ya'akov og Ness Ziona og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 534.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Historie

Thumb
Holocaust-minnesmerke i kibbutzen Netzer Sereni.

Kibbutzen Netzer Sereni vart grunnlagd i 1948 av 120 medlemmar frå kibbutzen Givat Brenner, som delte seg av ideologiske årsaker.[1] Kibbutzen vart kalla Netzer Sereni etter Enzo Sereni, ein jødiske-italiensk sionistleiar og offiser i Den jødiske brigaden. Sereni var ein av grunnleggjarane av Givat Brenner. Han hoppa i fallskjerm inn i det Nazi-okkuperte Italia under andre verdskrigen, men vart teken til fange så snart han landa av tyskarane, og avretta i Dachau konsentrasjonsleir.[1]

Kibbutz Netzer Sereni vart grunnlagd av Holocaust-overlevande. Han vart først kalla kibbutz Buchenwald etter konsentrasjonsleiren, der mange av innbyggjarane hadde sete. Namnet vart sidan endra til Netzer av Buchenwald-medlemmar. I 1955 vart det eit skilje mellom to arbeidarparti, Mapam og Mapai. Mapai-medlemmar frå kibbutz Givat Brenner flytta til kibbutzen Netzer og la til namnet Sereni.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads