Neufchâteau
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Neufchâteau er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vosges i regionen Grand Est, og har om lag 7 500 innbyggjarar.
Neufchâteau ligg der elvane Maas og Mouzon renn i hop.
Remove ads
Historie
Neufchâteau er ein av dei eldste byane Lorraine. I romartida låg kjøpstaden Noviomagus her langs vegen mellom Lyon og Trier. Dietrich II, hertug av Lorraine bygde eit slott her på 1000-talet. I 1094 var byen kalla Novum Castrum.
Neufchâteau vart ofte vald som møtestad når ein skulle løyse konfliktar mellom Frankrike og Lorraine. Det var her hertuginne Christine samla États généraux i 1546. I 1436 vart byen gjeve bort til Burgund i byte mot at hertug René I av Anjou skulle sleppast fri. Kardinal Richelieu reiv ned bymurane på 1600-talet.
Med den franske revolusjonen vart Neufchâteau (under namnet Mouzon-Meuse) underprefektur i Vosges.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads