New Masters
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
New Masters er det andre studioalbum til songar-låtskrivaren Cat Stevens, gjeve ut i desember 1967 på Deram Records som ein oppfølgjar til det særs suksessrike debutalbumet, Matthew and Son.
Remove ads
Oversikt
Plateselskapet var skuffa over det dårlege salet av det andre albumet til Cat Stevens, sidan det førre albumet nådde topp ti i Storbritannia og produserte fleire hitsinglar. New Masters genererte lita interesse, og nådde verken hitlistene i Storbritannia eller USA. Singelen «Kitty»/«Blackness of the Night» vart liggjande på 47. plass, og vart den første singelen til Stevens som ikkje nådde topp 40. Dette var ein brå og bratt kommersiell nedgang frå den store suksessen Stevens hadde hatt med dei tidlegare innspelingane sine.[2]
«The First Cut Is the Deepest» har vorte spelt inn med suksess av fleire artistar. Før utgivinga av New Masters hadde Stevens selt songen for 30 pund til P.P. Arnold (tidlegare i Ike and Tina Turner Revue) og gav den tidlegare Ikette-en sin første britiske hit.[3] I tiåra som kom skulle han òg bli ein hit for Rod Stewart, Sheryl Crow, James Morrison og Keith Hampshire. Hampshire-versjonen nådde førsteplassen på dei kanadiske hitlistene i 1973. Andre versjonar er gjort av songaren Barbara Jones, Colm Wilkinson frå Les Misérables og Jesus Christ Superstar, Duffy og Jools Holland Rhythm & Blues Orchestra.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Cat Stevens
Remove ads
Medverkande
- Cat Stevens – vokal, gitar, klaverinstrument
- Chris Hunt – trommer
- Herbie Flowers – bass
- Arthur Greenslade, Lew Warburton, Ivor Raymonde – musikalsk leiar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads