Newbrough

From Wikipedia, the free encyclopedia

Newbrough
Remove ads

Newbrough er ein landsby i Northumberland i England, ved nordbreidda av elva South Tyne rundt 5 mile (8 km) nordvest for Hexham.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Historie

Thumb
Newbrough Town Hall

Newbrough er staden for nokre av dei mange romerske festningane langs den opphavlege nordlege grensa til den romerske Stanegate-vegen som blei bygd i år 71. Kyrkja i Newbrough, St Peter's Church, er bygd på staden til ein av festningane.[2][3][4]

Newbrough var i eldre tid del av Manor of Thornton. Eit bustadtårn (tower house) kjent som Thornton Tower blei rapportert på staden, men blei sagt å vera i forfall i 1541. Bygningen er no heilt i ruinar, men er verna med Grade II.

Newbrough Hall er eit herskapshus frå tidleg 1800-tal. Det er verna som Grade II*.

Newbrough Town Hall er rekna som ein av dei flottaste i Tynedale. Rådhuset stod ferdig i 1878, og blei omvølt i 1998.[3]

Women's Institute-bygningen, tidlegare Mechanics Institute, blei bygd i 1854 og er verna som Grade II. I 1948 blei han gjeven til Newbrough Women's Institute (WI), som var blitt skipa i 1923.[5][6] I 2000 gav WI bygningen til Town Hall. Foreininga har no møte i Town Hall, noko ho også gjorde før 1948.[7]

Ei mile nord for landsbyen ligg ein bekk kalla Meggie's Dene. Dette skal vera staden ei heks på 1500-talet kalla Old Meg blei gravlagd.[8]

Landsbyen har ein barneskule, Newbrough CE First School, Han er tilknytt Church of England.[9]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads