Nicki Minaj

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nicki Minaj
Remove ads

Onika Tanya Maraj-Petty (fødd 8. desember 1982), mest kjend som Nicki Minaj, er ein amerikansk songar, låtskrivar, modell og skodespelar. Minaj vart fødd i Port of Spain i Trinidad og Tobago, men flytta i ung alder til Queens i New York. I august 2009 skreiv ho platekontrakt med Young Money Entertainment. Ho har gjeve ut fire album fram til 2018.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Utgjevingar

2010: Pink Friday

22. november 2010 kom det første albumet til Minaj ut, Pink Friday. Den første singelen hennar som ikkje var med på albumet, «Massive Attack», vart gitt ut i april, og musikkvideoen fekk gode kritikkar frå både Billboard og MTV. I august gav ho ut den første singelen frå albumet, «Your Love», som kom på 14.-plass på Billboard Hot 100, 7.-plass på Hot Hip hop/Rap Songs-lista og 1.-plass på Rap Songs-lista. Minaj vart den første kvinnelege musikaren som toppa lista uakkompagnert sidan 2002. I oktober vart ho den første artisten som fekk sju songar på Billboard Hot 100 samtidig.

2012: Pink Friday: Roman Reloaded

Det andre studioalbumet til Minaj, Pink Friday: Roman Reloaded, vart gitt ut 2. april 2012. Albumet inneheld samarbeid med produsentane Hit-Boy, Dr. Luke, Rico Beats, Kenoe, RedOne og Oak, som viser at ho ønskte å vera eksperimentell når galdt korleis sounden til albumet skulle vera. Den første singelen, Starships, vart gitt ut den 14. februar. Låten nådde 2. plassen i Storbritannia og 5. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Dette vart dermed hennar andre Top 10-suksees etter Super Bass i 2011, og låten vart ein av årets mest selde singlar.

2012: Pink Friday: Roman Reloaded - The Re-Up

Ein utvida versjon av Pink Friday: Roman Reloaded, med undertittelen The Re-Up, vart gitt ut 19. november 2012. Den første singelen frå re-releasen, The Boys med Cassie, vart gitt ut 13. september 2012

2014: The Pinkprint

Det tredje studioalbumet kom ut i 2014. Minaj omtalte det som ei vidareføring av The Re-Up med mykje meir.

Den første singelen frå albumet, Pills N Potions, debuterte på Billboard Music Awards 18. mai 2014. Singelen vart utgjeven 21. mai og nådde 4. plassen på iTunes i Amerika. Utgjevinga er den største suksessen til Minaj, sidan han slo både Super Bass og Starships.

2018: Queen

Utgjevinga av det neste albumet vart annonsert 7. mai på Met Gala 2018. Minaj stadfesta sjølv i eit intervju at albumet skulle heita Queen og utgivingsdatoen var sett til 15. juni. Men 25. mai annonserte ho på instagram at albumutgivingar var flytta til 10. august. 1. august vart utgivinga flytta endå ein gong til 17. august. 9. august kunngjorde ho på Queen Beats 1 Radio show at albumet ville bli gitt ut fredag 10. august.[1][2] Queen kom ut som hennar fjerde studioalbum den 10. august 2018.

Remove ads

Film- og TV-karriere

Minaj hadde filmdebut i 2012 i animasjonsfilmen Ice Age: Continental Drift. I 2013 var ho med som ein av dommarane i den tolvte sesongen av American Idol. I filmen The Other Woman frå 2014 spelar ho Lydia.

Diskografi

Album

Meir informasjon År, Album ...

Singlar

Meir informasjon År, Tittel ...

Andre topplistede songar

Meir informasjon År, Song ...

Singlar som gjesteartist

Meir informasjon År, Artist ...

Andre opptredenar som gjesteartist

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Prisar og nominasjonar

  • 2008 Underground Music Awards:
    • Female Artist of the Year (vant)
  • 2010 BET Awards:
    • Best Female Hip-Hop Artist (vant)
    • Best New Artist (vant)
    • Best Group (Young Money) – (vant)
    • Best New Artist (Young Money) – (nominert)
    • Viewer's Choice: «Bed Rock» (Young Money med Lloyd) (nominert)
  • 2010 Teen Choice Awards:
    • Choice Breakout Artist – Female (nominert)
  • 2010 MTV Video Music Awards:
    • Best New Artist: "Massive Attack" (med Sean Garrett) (nominert)
  • 2010 BET Hip hop Awards:
    • Rookie of the Year (vant)
    • Made You Look (vant)
    • People's Champ (vant)
    • Hustler of the Year (nominert)
    • Lyricist of the Year (nominert)
  • 2010 MOBO Awards:
    • Best International Act (nominert)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads