Night in the Ruts

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Night in the Ruts er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith, gitt ut 16. november 1979 på Columbia Records. Gitaristen Joe Perry forlét bandet midtvegs i innspelinga av albumet.

Meir informasjon Aerosmith-kronologi, Singlar frå ...

Albumet vart først produsert i øvingslokalet til bandet Warehouse av Jack Douglas, som hadde produsert dei fire tidlegare albuma til Aerosmith, men seinare henta Columbia Records inn Gary Lyons for å erstatta Douglas som produsent.

Remove ads

Bakgrunn

Innspelinga av albumet byrja våren 1979, men heilt frå byrjinga var det forseinkingar. Vokalisten Steven Tyler hadde problem med å fullføra tekstar og vokal på grunn av eit omfattande narkotikamisbruk. Bassisten Tom Hamilton hugsa: «Me jobba på albumet, men me kunne ikkje fullføra det. Det skulle komma ut i juni og heita Off Your Rocker, men det var ingen tekstar. Det var ei stor krise.»[2] Bandmedlemmene hadde òg store økonomiske problem, og gitaristen Joe Perry skuldra bandet 80 000 dollar for romservice, som han planla å betala tilbake ved å spela inn eit soloalbum.[3] Forholdet mellom Aerosmith og Jack Douglas vart òg kjølig og ustabilt då produsenten skilde seg frå kona si, som bandet hadde likt.[4] Dette, kombinert med svakt sal av Draw the Line, førte til at Columbia gjekk inn, og Douglas reflekterer i memoarane til bandet Walk This Way: «Selskapet sette omsider mykje press på dei. Det var det: 'Sjå på desse salstala, kom med ein ny hit, elles blir det trøbbel'. David [Krebs, Aerosmiths manager] meinte at eg ikkje lenger hadde kontroll over bandet, noko som var sant. Ingen hadde det.»[4]

Med albumet framleis uferdig, vart bandet sendt på turné for å generera inntekter, ettersom dei hadde brent gjennom budsjettildelinga. Denne for tidlege utflukta i sommarmånadene pressa albumutgivinga til seinare på året. «Managementet vårt booka ein turné,» noterte Hamilton, «og gav oss akkurat nok tid til å laga plata, basert på kor lang tid det hadde teke oss tidlegare, men me trong faktisk mykje meir tid. Så me måtte dra på turné før vokalen var ferdig, og det trekte ut i tid. Alle var veldig frustrerte over det. Det er ironisk, for me var ute på vegen og spelte på stadion for enorme mengder menneske, og likevel var bandet i ferd med å døy.»[5]

Rusmisbruket blant medlemmene forverra seg gradvis, og dei byrja å slåst seg imellom. Dette førte ofte til utevortne og slurvete konsertar, og kulminerte i eit slagsmål som involverte medlemmene og konene deira. Situasjonen toppa seg 28. juli 1979, på World Series of Rock i Cleveland, Ohio, då Perry forlét bandet halvvegs i turneen etter ein oppheita krangel med Tyler.[6]. Før Perry drog hadde han fullført gitarpartia til «No Surprize», «Chiquita», «Cheese Cake», «Reefer Headed Woman», «Three Mile Smile» og «Bone to Bone (Coney Island White Fish Boy)». Gitarpartia på dei resterande låtane vart spelt inn av Brad Whitford, Richie Supa, Neil Thompson og Jimmy Crespo. (Sistnemnde vart den offisielle erstattaren til Perry frå 1979 til 1984.) Den siste økta til Perry med bandet var 30. mai 1979. Han uttalte:

Me starta Night in the Ruts med Jack våren 1979. Eg er ikkje sikker på kvifor han ikkje var involvert seinare, men det var han ikkje.... Aerosmith-albumet var i limbo frå april og utover, og på eit tidspunkt måtte eg vaska hendene mine frå det. Eg sa: «Det er albumet ditt. Gjer kva du vil med det. Du har arbeidet mitt. Du kan bruka det eller sletta det. Eg jobbar med noko anna. Det var mykje krangling og dårleg energi... Eg var misnøgd med Krebs, sa: 'Faen ta dette,' og drog tilbake til Boston.[7]

I sjølvbiografien sin Rocks frå 2014 utdjupa Perry sine frustrasjonar:

Eg trudde me spelte inn nokre av dei beste låtane me nokon gong hadde gjort. Gitarsamspelet mellom meg og Brad var banebrytande. Alle gjorde sitt beste. Men då det vart tid for tekstar, byrja Steven å gli bort. Sakte stoppa framdrifta opp. Eg byrja å bli irritert, så irritert, og så heilt forbanna... Me hadde tent tallause millionar. Kvar vart det av dei? Me gjekk på jobb kvar dag, brukte ein formue på hotellrekningar og studiotid utan å få noko igjen for det ... Heile operasjonen hadde vorte eit mareritt. Eg var lei av all driten. Eg ville berre setja meg i ein varebil og spela rock-and-roll. Eg var villig til å spela på kva klubbar som helst... Eg vart fortald at då Steven endeleg dukka opp for å syngja, røykte han crack.[8]
Remove ads

Innspeling og komposisjon

Aerosmith gjennomførte sommaren i Mediasound Studios i New York for å prøva å fullføra albumet med produsent Gary Lyons. Bandet fekk ny giv då Tyler kom opp med teksten til ein song han hadde komponert med Perry som «fortalde historia om bandet», som vart «No Surprize», ein song som Tyler har nemnt som sin favoritt.[9] I memoarane til bandet Walk This Way frå 1997 delte Tyler sine tankar om fleire av spora til albumet:

  • «No Surprize» - «I to månader hadde eg vore heilt blokkert, medan eg skreiv teksten til dette sporet me hadde gjort med Joe. Ein kveld fekk eg ei openberring om å skriva historia om bandet, korleis Aerosmith vart starta... Eg var så glad for å vera tilbake på spor.» [9]
  • «Reefer Headed Woman» - «'Reefer Head Woman' var ei bluesplate frå 1940-talet. Eg hadde teksten i ei notisbok som vart stolen, og eg måtte ringja Dr. Demento frå Record Plant, der me gjorde ferdig albumet, og doktoren las teksten for meg over telefonen.»[10]
  • «Bone to Bone (Coney Island White Fish Boy)» - «Eg måtte forklara pressa at ein Coney Island whitefish er ein brukt gummi[10]
  • «Mia» - «Det var ein voggesong eg skreiv på piano til dotter mi, men dei ringjande klokketonane på slutten av songen og slutten av albumet høyrdest meir ut som Aerosmiths dødsklokke for folk som visste kva som gjekk føre seg.»[10]

Inkludert på albumet var òg ein versjon av «Think About It», ei B-side for Yardbirds frå 1968 som Aerosmith av og til hadde spelt live gjennom 70-talet. Musikkvideoar for «No Surprize» og «Chiquita» vart filma (med Jimmy Crespo). «Chiquita» er tilgjengeleg på Video Scrapbook VHS og laserdisc-utgiving.

Albumtittelen er ein spoonerisme for uttrykket «rett i nøttene», som det blir alludert til på baksida av albumet.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet vart slakta av kritikarane då det kom ut, og trass i ein tidleg suksess fall det raskt nedover hitlistene[15]. Rolling Stone-skribenten David Fricke skildra det beste sporet til albumet «som inspirerte unytta spor frå Rocks og Toys in the Attic», som viste tilbakevendinga til Aerosmith til den grunnleggjande sounden deira; han fann likevel «avvika frå denne norma . . katastrofale, om ikkje i konseptet såg i utføringa,» som i coverversjonen av Shangri-Las-balladen «Remember (Walking in the Sand)» «som vaklar inkonsekvent mellom hardrock og den Spectorske stordomen til originalen».[16] The Village Voice-kritikaren Robert Christgau meinte opningslåten «No Surprize» var det einaste «lovande» sporet på albumet.[12]

Kritikaren Greg Prato frå AllMusic gav ein meir velvillig kommentar i ein historisk kontekst, og kalla det «eit overraskande samanhengande og inspirert album. Sjølv om det ikkje er på høgde med klassikarar som Toys in the Attic eller Rocks (sjølv om det kunne ha vore det viss bandet ikkje var i ein slik urotilstand på den tida), var det definitivt slankare og meir fokusert enn det førre albumet deira, Draw the Line. »[11] I sin Collector's Guide to Heavy metal fann Martin Popoff albumet «ei solid plate» og ein «triumf midt i motgang» som, sjølv med «bandet på sitt minst energiske og samanhengande», utstråler «den smarte genialiteten av år brukt på å sveisa moderne flashrock til blues.»[13]

Ettermæle

Tyler har uttrykt stor tilfredsheit med Night in the Ruts, og kalla det favorittalbumet sitt[17] og kryptisk begeistra til Stephen Davis i 1997, «Heroin. Å skyta kokain. Ete opium og det var berre ... eg elskar det albumet  Night in the Ruts. Det er som ei jævla solformørking.« [18] Perry insisterte òg til Guitar World i 1997, «Vi var framleis øydelagde, men plata høyrest meir samanhengande ut enn Draw the Line. Night in the Ruts var ei rocka plate.»[19]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Aerosmith

  • Steven Tyler  solovokal, klaverinstrument, munnspel, piano, konsept for plateomslag
  • Joe Perry  gitar, slidegitar og korvokal på «No Surprize», «Chiquita», «Cheese Cake», «Three Mile Smile», «Reefer Headed Woman» og «Bone to Bone (Coney Island White Fish Boy)»
  • Brad Whitford  gitar
  • Tom Hamilton  bass
  • Joey Kramer  trommer

Andre medverkande

  • Mary Weiss  korvokal på «Remember (Walking in the Sand)»
  • Richie Supa  ekstra gitar på «No Surprize» og «Mia»
  • Jimmy Crespo  sologitar på «Three Mile Smile»
  • George Young  altsaksofon på «Chiquita»
  • Louis del Gatto  barytonsaksofon på «Chiquita»
  • Lou Marini  tenorsaksofon på «Chiquita»
  • Barry Rogers  trombone på «Chiquita»
  • Neil Thompson  guitar på «Chiquita»

Produksjon

  • Gary Lyons  produsent med Aerosmith, lydteknikar
  • David Krebs, Steve Leber  leiande produsentar, management
  • Peter Thea, Rod O'Brien  assisterande lydteknikarar
  • George Marino  mastering i Sterling Sound, New York
  • John Berg, John Kosh  kunstnarisk leiar, design
  • Jim Shea  fotografi
  • Vic Anesini  ommastring
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1979), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads