Nikatorar

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Nikatorar
Remove ads

Nikatorar er ei biologisk slekt med vitskapleg namn Nicator av tre middels store sporvefuglar, endemiske til Afrika sør for Sahara.[1] Namnet på slekta kjem av gresk 'nikator', erobraren.[2]

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Nikatorar er varslarliknande fuglar, 16-23 cm i lengd. Austnikator og vestnikator er like i storleik og større enn gulstrupenikator. Hannane er monaleg tyngre enn hoene, til dømes er hannar hos vestnikator 48-67 gram, medan hoene berre veg 32-51 gram. Gulstrupenikator er mykje lettare, varierer i området 21-26 gram. Nikatorar har kraftige nebb med krok i enden. Fjørdrakta i slekta er generelt olivengrøn på ryggen, stjert og venger, med gule flekker på vengene, og ljosare grå eller kvitaktige underside.[1]

Thumb
Vestnikator i Uganda
Foto: Tom Tarrant

Vestnikator har ein stort sett kontinuerleg distribusjon frå Senegal til austlege Uganda og nordlege Angola. Austnikator har ei usamanhengande utbreiing i Aust-Afrika frå Somalia sør til austre Sør-Afrika. Gulstrupenikator er utbreidd i det sentrale Afrika frå Kamerun til Uganda.[1] Nikatorar okkuperer eit breitt utval av skogshabitat.[1]

Remove ads

Taksonomi

Plasseringa av slekta i systematikken har vore eit langvarig mysterium. Gruppa vart opphavleg lagt til i familien varslarar, Laniidae. I 1920-åra kommenterte ornitologen James Chapin likskapane mellom nikatorar og bylbylar, Pycnonotidae, og mellom nikatorar og buskvarslarar, Malaconotidae. Det var ikkje før 1943 at Jean Théodore Delacour plassert slekta inn i bylbylar. Storrs Olson hevda at slekta var nærare knytt til buskvarslarar, fordi nikatorar mangla forbeining av naseboret slik ein finn det hos alle andre bylbylar.[3] Ei rekkje funksjonar, blant anna plasseringa av fjørbust i andletet, reira og lydytringane deira, gjer slekta unik, og frå DNA-studium er det nyleg gjeve framlegg om at slekta er best handsama som ein sjølvstendig familie.[4] Nokre autoritetar, som Clementslista, har godtatt den nye familien Nicatoridae.[5] Innanfor slekta er den vestlege og den austlege nikatorarten vurdert å danne ein superart og er nokre gonger handsama som same arten.[1]

Artar

  • Vestnikator, Nicator chloris, Western Nicator, Valenciennes, 1826, (LC)
  • Austnikator, Nicator gularis, Eastern Nicator, Hartlaub & Finsch, 1870, (LC)
  • Gulstrupenikator, Nicator vireo, Yellow-throated Nicator, Cabanis, 1876, (LC)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads