Nikolaj Ge

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nikolaj Ge
Remove ads

Nikolaj Nikolajevitsj Ge (27. februar 183113. april 1894) var ein russisk kunstmålar av fransk herkomst. Han var like kjent som historiemålar som portrettmålar. Verka hans høyrer inn under realismen.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og gjerning

Utdanning. Italia

Ge var fødd i Voronezj. I 1847 tok han til på eit studium på universitet i Kiev, før eit år var gått flytta han over til universitetet i St. Petersburg. I tidsrommet mellom 1850 og 1857 studerte han ved Det keisarlege kunstakademiet der i byen. Med eit stipend frå akademiet reiste han i 1857 til Italia. Der heldt han til dei neste tolv åra, nytta tida til å studere både antikk kunst og renessanse-kunst. Ei tid i året 1863 hadde han stilling som professor på kunstakademiet i St. Petersburg.

Thumb
Peter den store forhøyrer tsarevitsj Aleksej Petrovitsj, 1871

Peredvizjnikij. Historiemåling

I 1870 var Ge ein av grunnleggjarane av Peredvizjnikij-gruppa. Han tok også del i gruppa sine utstillingar. Heimkomen til Russland vende han bort frå sitt hovudtema opp til den tid, namnleg bilete med tema frå evangelia. I staden let han seg engasjere av historiske, russiske emne. Eit måleri av Peter den store som forhøyrer tronfølgjaren er det mest kjende av verka med historiske motiv.

Religiøsitet. Ukraina

Ge var tiltrekt av den russiske forfattaren Leo Tolstoj sine religiøse og filosofiske idear og forestillingar. Han vart ein nær venn av Tolstoj. Ge kjøpte ein mindre gard (khutor) i Tsjernigov-guvernementet (i dagens Ukraina). Frå 1876 levde Ge på eigedomen sin i Ukraina, der han søkte å følgje Tolstojs kall om å leve eit enkelt bondeliv.

I 1880-åra vende Ge tilbake til sitt første hovudtema, framstillingar av religiøse, kristne tema. Desse måleria vekte hissige diskusjonar då dei vart framsynt. Han vann mest erkjenning frå liberale kunstkritikarar, konservative kritikarar heldt mange av dei for å vere blasfemiske. Enkelte verk vart forbodne å vise fram. Kva er sanning? Kristus og Pilatus var eit av måleria som det ikkje var lov å vise fram.

Thumb
Kva er sanning? Kristus og Pilatus, 1890

Portrett. Forsvunne verk

Ge sine måleri er i den realistiske stilen. Dei er prega av djup, psykologisk innsikt. Hans tidlege verk syner påverknad frå målaren Karl Brjullov. Mellom dei personane han portretterte finn ein Mykola Kostomarov (1870), Tolstoj (1882) og Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin. Eit sjølvportrett stammar frå åra 1892/1893.

Ge døydde i 1894 i heimen sin i Livanovsk Tsjur, som i dag ligg i Tsjernihiv oblast i det nordlege Ukraina.

Mange av Ge sine måleri vart etter hans død deponert hos ei rik kvinne frå Sveits. Desse måleria forsvann, få av dei finst det i dag kjennskap til kvar er. Eitt av dei forsvunne bileta vart rekna som hans magna opus, kalla Krossfestinga.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads