Nils A. Liaaen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nils Andersen Liaaen (4. juni 1820–21. januar 1872) var ein norsk skipsbyggar og industrieigar. Han etablerte eit skipsverft i Ålesund i 1861, eit verft som eldstesonen hans, Anders M. Liaaen, overtok og som vart til verksemda A. M. Liaaen.[1]
Liaaen var fødd på Ljøfoss i Sunnylven, ein bygsla plass under matrikkelgarden Ner-Ljøen - namnet Liaaen er ei forvansking av Ljøen.[2] Plassen låg ved Sunnylvsfjorden, ei fem-seks km nord for Hellesylt. Liaaen var yngste barnet til Anders Knutsson, fødd Syltevik, og Marie Jakobsdotter, fødd Stokke. Han var gift med Johanne Knutsdotter Humblen frå Borgund, dei var busett i Buholmstranda.
I følgje bygdeboka for Norddal[3] fekk Nils A. Liaaen 10 daler i betaling for «Tegning til Sylte Kirke», og kan dermed vere hovudarkitekt for den store trekyrkja på Sylte i Valldal (arkiva er ufullstendige så det er usikkert kven som stod for originalteikninga).
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads