Nils Olav
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nils Olav er ein kongepingvin i Edinburgh Zoo i Skottland. Han er æresbrigader[1] og maskoten til Hans Majestet Kongens Garde.[2][3][4] Nemnet «Nils Olav» og dei tilknytte titlane er blitt gjevne til tre ulike pingvinar sidan 1972, slik at den noverande pingvinen er Nils Olav III.[5][6]


Remove ads
Historie
Familien til den norske reiaren Christian Salvesen gav ein kongepingvin til Edinburgh Zoo då dette opna i 1913.[2]
Då Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani besøkte Edinburgh Military Tattoo i 1961 for eit drillstevne, vart ein løytnant med namn Nils Egelien veldig interessert i pingvinkolonien til Edinburgh Zoo. Då Garden vende attende til Edinburgh i 1972, arrangerte Nils Egelien det slik at troppen kunne adoptere ein pingvin. Pingvinen som dei adopterte vart gitt namnet Nils Olav i ære for Nils Egelien og kong Olav V av Noreg.[2]
Remove ads
Rolle i militæret
Nils Olav vart tildelt militærgraden visekorporal og har etter dette vorte forfremma kvar gong Garden har delteke på Edinburgh Military Tattoo. I 1982 vart han forfremma til korporal og så forfremma til sersjant i 1987. Nils Olav døydde kort etter denne forfremminga. Arvtakaren vart Nils Olav II, hans to år gamle etterfylgjar. Han vart nok ein gong forfremma i 1993 til stabssersjant. 18. august 2005 vart han forfremma til Honourable Regimental Sergeant Major, den høgaste underoffisersgraden i Skottland. Han vart også den fyrste pingvinen til å få denne tittelen i den norske hæren. På den same tida vart ein bronsestatue på 1,2 meter gitt til Edinburgh Zoo. Inskripsjonen i statuen anerkjenner Garden og Edinburgh Military Tattoo. Det står også ein statue ved Huseby leir i Oslo. Fredag 15. august 2008, i samband med 3. Gardekompani sitt bidrag under Edinburgh Military Tattoo, vart Nils Olav slått til ridder av den britiske generalmajoren Euan Loudon. Pingvinen kan difor omtales med tittelen sir.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads