Nils Utsi

norsk-samisk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nils Reidar Utsi (22. juli 19431. januar 2019)[1] var ein norsk samisk skodespelar, dramatikar og teaterinstruktør frå Tana i Finnmark.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Liv og virke

Utdanning

Utsi var fødd i Tana. Etter gymnas i Finnmark tok Nils Utsi skodespelarutdanning ved Statens Teaterskole i Oslo, der han kom inn i 1964 som den fyrste samiske studenten.[2]

Karriere

Etter skulen blei han tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen der han var i tre år frå 1968 til 1971. Han var deretter med på å starta Hålogaland Teater hausten 1971. Dette var det fyrste profesjonelle teateret i Nord-Noreg, og det fyrste regionteateret i Noreg. Utsi var ein av dei kunstnariske drivkreftene ved teateret og deltok i alle produksjonane dei første åra. Dette var ofte oppsettingar som tok utgangspunkt i regional kultur og politikk, mellom anna historia til arbeidarrørsla i Nord-Noreg.

Utsi gjesta seinare Hålogaland Teater (HT) ved opninga av kulturhuset i Tromsø 1983 med Petter Dass, der han hadde hovudrolla, og igjen ved HT sitt 25-årsjubileum i 1996, der han hadde hovudrolla i Postmannen fra Arles. Også ved opninga av det nye teaterhuset til HT i 2005 gjesta Utsi i ei rolle i Benoni og Rosa.

Nils Utsi blei kjend i større delar av Noreg gjennom rolla som faren til sameguten Ante i barne-TV-serien med same namn. Serien blei send på NRK for fyrste gong i 1976 og 1977, og Utsi var personinstruktør for dei samiske medverkande. I den fyrste samiske spelefilmen Ofelaš/Veiviseren (1987), i regi av Nils Gaup, hadde han ei sentral rolle. Filmen blei oscarnominert. I den neste, Bázo frå 2003, hadde han òg ei rolle. Nils Utsi var òg med i Gaup-filmen Kautokeino-opprøret frå 2008. I 2009 spelte han i filmen Jernanger regissert av Pål Jackman. Han deltok i ei lang rekke kortfilmar, mellom anna i samarbeid med Nordland kunst- og filmfagskule.

I 1997 hadde Nils Utsi hovudrolla i Jeppe på Bjerget av Ludvig Holberg i ein samisk versjon, Jeagge Jussa, produsert av Beaivvás Sámi Teáhter i Kautokeino. I 2004 var han instruktør for skodespelet Stein i lomma (Stones in his Pockets) ved same teater. I 2012 hadde han ei sentral rolle i ungdomsserien Hjerterått (regissert av Nils Gaup) på NRK. I 2014 var han ved Stockholms Svenska Riksteatern i När vinterns stjärnor lyser här.

Under Alta-konflikten blei Utsi fjerna frå Stilla tre gonger, og var den fyrste personen av fleire som vart stilt for retten for demonstrasjonen.[2]

Remove ads

Teaterarbeid (utval)

Ved Den Nationale Scene i Bergen

Ved Hålogaland Teater

Ved Beaivváš Sámi Našunálateáhter

  • 1997: Jeagge Jussá (Jeppe på Bjerget) av Ludvig Holberg
  • 2000: Eatni váibmu vardá (En mors hjerte blør) av Nils Utsi
  • 2004: Regi på Lummaid dievva geađggit (Stein i lomma)

Ved Ice Globe Theater

Remove ads

Filmroller

  • 1974: Under en steinhimmel
  • 1975: Ante – også personregi
  • 1980: La elva leve!
  • 1980: Svart hav – også manus
  • 1983: Jon
  • 1986: Nattseilere
  • 1987: Veiviseren (Ofelaš)
  • 1992: Den femtonde hövdingen
  • 2003: Bázo
  • 2008: Kautokeino-opprøret
  • 2009: Jernanger
  • 2009: Polmak i Tana
  • 2010: Robert Mitchum est mort
  • 2011: Dunderland
  • 2011: Skumringslandet
  • 2012: Hjerterått
  • 2013: Bonki
  • 2017: Den 12. mann
  • 2019: Askeladden – i Soria Moria slott

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads