Nils Weyer Arveschoug

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Niels Weyer Arveschoug (2. januar 180729. mars 1894) var ein norsk embetsmann, fødd i Skoger i Buskerud. Han representerte Nordlands Amt i Stortinget 1854-56.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Far til Arveschoug var kjøpmann og gardbrukar i Skoger. Sjølv utdanna han seg ved Drammen skole og vart i 1831 cand.jur. frå universitetet i hovudstaden. Han var tilsett i Justisdepartementet, fyrst som kopist, frå 1836 som fullmektig. I 1840 fekk han jobben som auditør i 2den akershusiske brigade. 1845 var han med i den kongelege komiteen om avansement i Hæren. Frå 1848 til 1853 var han amtmann i Nordlands Amt. Før han forlet amtet, vart han vald til stortingsmann og møtte 1854 i Stortinget for ein valkrins han hadde flytta frå. Medlem i Gasje- og pensjonskomiteen og komiteen om vegskatten. Sidan 1853 var han i 40 år amtmann i Romsdals Amt. Han var 86 år gammal då han tok avskjed frå embetet. Ved to høve, 1865-66 og 1868-69, var han 1. suppleant til stortinget frå Ålesund og Molde. Arveschoug, som fekk tildelt St. Olavs Orden, døydde i Molde.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads