Nina Nesbitt
britisk songar og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nina Nesbitt (fødd 11. juli 1994) er ein skotsk singer-songwriter.
Liv og karriere
Nesbitt blei fødd i Livingston i West Lothian,[1] og gjekk på ein liten barneskule i Bellsquarry. Då ho var 12 flytta ho til Balerno, ein forstad til Edinburgh, og blei elev ved Balerno Community High School. Ho har skotsk far og svensk mor. Som barn deltok ho i lokale og regionale gymnastikkonkurransar med skulen sin i Bellsquarry, med Pentland Rhythmic Gymnastics Club og for Skottland.[2]
Ho starta musikkarrieren sin med å skriva og spela inn songar på rommet sitt, og lasta dei opp til Youtube-kanalen sin.[3][4] Nesbitt speler gitar, klaver og fløyte.
Etter å ha møtt musikaren Ed Sheeran, blei ho invitert til å varma opp for han på europaturnéen hans. Då ho spelte inn eit cover av «Stay Awake», blei opphavspersonen til songen Example òg interessert i eit samarbeid.[5] I 2012 medverka ho på musikkvideoen til Ed Sheeran sin song «Drunk».[6]
Den andre EP-en hennar, The Apple Tree, kom ut i april 2012, og nådde ein sjetteplass på iTunes si nedlastingsliste etter å ha blitt spelt på BBC Radio 1.[7] Nesbitt nådde fysteplassen på iTunes si singer/songwriter-hittliste.[5]
I oktober 2012 la Nina Nesbitt ut på sin tredje engelske turné, BOY UK TOUR, for å promotera debutsingelen, Boy, og EP-en med same namn. I april 2013 gav ho ut sin tredje EP, Stay Out, og i juli 2013 kom EP-en Way in the World ut. I 2014 gav ho ut sitt fyrste album, Peroxide.
Remove ads
Diskografi
Album
- Peroxide (2014)
- The Sun Will Come Up, the Seasons Will Change (2019)
- Älskar (2022)
EP-ar
Singlar
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads