Nina Sundbye

norsk bilethoggar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nina Emilie Sundbye (fødd 4. august 1944) er ein norsk bilethoggar frå Oslo.[1]

Kjappe fakta

Ho er utdanna 1962-65 ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, 1966-68 ved Statens kunstakademi der ho var elev av Per Palle Storm og 1968-70 ved Kungeliga Akademi för De Fria Konstnerna i Stockholm.[1]

Sundbye debuterte på Høstutstillingen i 1967.[1] Ho er mellom anna kjend for skulpturane sine av figurar frå teater og ballett, mellom desse karakterar henta frå Henrik Ibsen sine skodespel, og eventyrfigurar som «Tyrihans» og «Månrenen», den siste av Birgit Cullberg. I Oslo står statuar av Aasta Hansteen og Per Aabel som begge er utforma av Sundbye.

Remove ads

Utvalde arbeid

  • «Poseidongruppen» i Sandefjord
  • «Henrik Ibsen» framfor Ibsenmuseet i Oslo
  • «De fire vindene» i Haugesund
  • «Peer Gynt» ved Universitetet i Oslo
  • «Puck», i bronse ved Oppsal skole i Oslo),
  • Skulpturen av Leif Juster utanfor Chat Noir i Oslo
  • «Per Aabel som Jean de France» ved Nationalteateret i Oslo
  • Utsmykking av Stovner kyrkje og Fjellhamar kyrkje

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads