Nite Flights
song av The Walker Brothers From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Nite Flights» er ein song skriven av den amerikanske musikaren Scott Walker under namnet Scott Engel. Songen vart først spelt inn og gjeven ut av popgruppa til Walker, The Walker Brothers, som tittelsporet på det siste albumet deira frå 1978, Nite Flights.
Remove ads
Medverkande
- John Walker og Scott Walker - vokal
- Dave MacRae - klaverinstrument
- Frank Gibson - trommer
- Mo Foster og Scott Walker - bass
- The Walker Brothers - arrangement
- Dave MacRae - orkestrering og dirigent
- Scott Walker og Dave MacRae - produsent
- Dennis Weinreich - innspeling
- Scott Walker, Dave MacRae og Dennis Weinreich - miksing
David Bowie
«Nite Flights» vart spelt inn av den engelske musikaren David Bowie i 1993 for albumet hans Black Tie White Noise. I lag med andre songar på Black Tie White Noise, nytta denne versjonen tunge elektroniske lydar, inkludert elektroniske trommer og mange synthesizerar. Ein remixa versjon kalla «Moodswings Back to Basics Remix» vart gjeven ut på bonusplata som følgde 10-årsjubileumsutgåva til dette albumet.
Bowie sa at han vart introdusert for Scott Walker då han var kjæraste med ein av eks-kjærestane til Walker. Visstnok likte ho musikken til Walker meir enn Bowie sin og spelte Walker-albuma konstant.[1]
Remove ads
The Fatima Mansions
«Nite Flights» vart spelt inn av kunstrockgruppa The Fatima Mansions i 1994 for albumet deira Lost in the Former West. Denne vart òg gjeven ut som singel same året og inneheld ein remix av songen av The Blood Of The Lamb kalla «It's So Cold.... I Think».
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads