Nittedal kommune
kommune i Akershus fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nittedal er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar i nord til Lunner og til Nannestad, i aust til Gjerdrum, i søraust til Lillestrøm og i sør og vest til Oslo.
Nittedal kommune har ikkje éin stor tettstad som mange andre kommunar, men mange mindre. Hagan er den største av desse tettstadene og ligg i sør like ved bygrensa til Oslo. Rotnes ligg i midtre del av kommunen. I nordlege delar av kommunen, som òg blir kalla Hakadal, er Åneby den største av fleire små tettstader.
Remove ads
Namn

Namnet «Nittedal» kjem av norrønt Nitjudalr. Etterleddet dalr tyder 'dal', medan forleddet Nitju er genitiv singularis av Nitja, som er det gamle namnet på Nittelva. Det er uvisst kva Nitja tyder. Moderne skriftbasert uttale er [²nitedɑːɽ] eller [²nitedɑːɳ], men tradisjonell uttale er [²nedɑɳ].
Remove ads
Geologi
Nittedal høyrer til Oslofeltet. Spesielt kjent er Nittedalskalderaen, som er restane etter vulkansk aktivitet i permtida.[1]
Kjende nittedølar
- Bente Skari, skiløpar med VM- og OL-gull.
- Alf Prøysen, visesongar og kunstnar som vart nittedøl i 1948[2]
- Jarle Bernhoft, vokalist og gitarist, frontfigur for rockegruppa Span
- Borghild Rud (1910–1999), kunstnar og illustratør
- Søstrene Bjørklund, fire populærartistar i 1950-åra
- Harald Sohlberg (1869–1935), kunstmålar
- Tommy Rustad, rallyførar som har vunne internasjonale billøp
- Odd Martinsen, skiløpar med gullmedaljar frå VM og OL, far til Bente Skari
- Hanne Staff, orienteringsløpar som vann VM
- Lena Boysen, har vunne 14 VM, 13 EM og 20 NM i hundekjøring
- Marianne Pettersen, landslagsspelar i fotball med gull i VM 1995, bronse i OL 1996 og gull i OL 2000
- Terje Thorslund, spydkastar med bronse i EM 1974
- Solveig Kristansen Aaseby, europa- og verdsmeister i einspann hundekjøring 1990
- Terje Pedersen, tidlegare verdsmeister i spydkast (1964)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads