Nivlheim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nivlheim
Remove ads

Nivlheim eller Niflheim (gamalnorsk Niflheimr) er den kalde og mørke sida av verda i norrøn mytologi. Namnet tyder ‘skoddeheimen’,[1] og her fanst berre is og skodde. Niflheim ligg mot nord.[2]

Thumb
Henry Wheaton si skisse av verdsbildet i norrøn mytologi frå 1831.
Thumb
Niflheim, Tennengebirge, Eisriesenwelt, Höhle. Fotografi av Leo Wehrli frå kring 1925.

Muspelheim, som ligg i sør, er motstykket til Niflheim. I Muspelheim er det ljos og varme. Midt mellom dei to verdene Niflheim og Muspelheim finst det tomme Ginnungagapet.[2]

Helheim vart etter kvart ein del av Niflheim. I Nivlheim låg kjelda Kvergjelme, og frå kjelda rann elvane Elivåger mot sør. Slik vart Ginnungagap fylt av rimfrost og is. Frå elden i Muspelheim i sør spruta det gneistar og glør mot nord. Av smeltevatnet vart det liv, det tvikjønna urvesenet Yme og kua Audhumla. Yme vart det fyrste vesenet. Av mjølka frå jura til Audhumla livnærte Yme seg.[2] Rimtusser eller jotnar oppstod også frå dette.[3]

Ei av røtene til Yggdrasil gjekk ned til Kvergjelme i Niflheim. Her var det mange ormar. Ein av desse var Nidhogg, som gnog på rota til verdstreet.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads