Nofekh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nofekh (hebraisk skrift נֹפֶךְ, נופך) er ein israelsk fellesbusetnad sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 371.
Landsbyen vart grunnlagd i 1949 på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Rantiya[1] av immigrantar frå Marokko. Namnet er henta frå ein av dei 12 steinane i Hoshen, den heilage brystplata til den jødiske høgstepresten, nemnd i Andre mosebok 28:18.[2] Dei nærliggande Shoham, Bareqet og Ahlama (tidlegare namn på Beit Arif) vart òg kalla opp etter ein av steinane.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads