Nokia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nokia Oyj (Aksjeselskapet Nokia) er ei verksemd med hovudkontor i Esbo i Finland og fabrikkar og kontor i mange land. Verksemda utviklar og produserer telekommunikasjonsutstyrt, framfor alt mobiltelefonar.[3]
Remove ads
Soge
Opphavleg var Nokia storprodusent av gummistøvlar, bil- og motorsykkeldekk og prosesskontrollutstyr for papirfabrikkar, men har seinare konsentrert seg heilt om mobiltelefonar etter å ha fått innpass på denne marknaden på 1980-talet. I 1991 markerte Nokia seg ved å lansere GSM (groupe spécial mobile), eit digitalt mobiltelefonsystem, ved å ringe i Helsingfors den aller fyrste GSM-samtalen i verda.
Verksemda Nokia hadde si spede byrjing med eit tresliperi som vart oppretta i Tammerfors i 1865 av industriherren Fredrik Idestam. I 1869 flytta Idestam denne verksemda til staden Nokia og utvida til ein papirfabrikk, som vart ein av pionerverksemdene i industrialiseringa av Finland. I 1898 vart verksemda Finska Gummi AB skipa, og i 1912 Finska kabel AB, som seinare òg vart flytta til Nokia, og saman med papirfabrikken kom dei til å dominere denne vesle plassen. Finska Gummi produserte dekk for bilar og syklar, og gummifottøy som støvlar og kalosjar. Allereie i 1937 vart spørsmålet om å slå saman desse verksemdene teke opp for fyrste gong, men samanslåinga skjedde ikkje før tretti år seinare.

Ein av Nokia sine største suksessar var lanseringa av mobiltelefonen Nokia 3310 som kom ut i 2000. I 2017 relanserte Nokia ein 2017-modell av Nokia 3310 med ein del oppgraderingar.

Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads