Nome i Alaska
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nome er ein by i Alaska med ca. 3 800 innbyggarar i 2017, dei fleste av dei inuittar.[2]
Byen voks til samband med eit gullrush i 1899–1909.
Remove ads
Namn

Opphavet til namnet er uklart. Ei forklaring er at det blei gjeve av den norske grunnleggjaren til byen, Jafet Lindeberg.[3]
Ei anna forklaring på namnet Nome er at det stammar frå James Cook, som kartla Beringsundet i 1780-åra. Neset litt nord for den seinare byen hadde ikkje noko namn, og Cook skreiv «Name?» i margen på kartet. Seinare las ein dette som «Nome», og trudde det var namnet på staden.[4]
Ei tredje forklaring på namnet er at det oppstod som ei misforståing av det lokale inupiaqordet for 'Kvar?', Naami.[5]
Byen blei gjeve namnet Anvil City i 1898, men det amerikanske postvesenet meinte namnet var for lett å forveksla med Anvik som ligg i same område.[6]
Remove ads
Historie

Grunnlaget for byen var gullgraving. Nordmannen Jafet Lindeberg fann saman med svenskane Erik Lindblom og John Brynteson gull ved Anvil Creek i 1898. Nyheita om dette spreidde seg raskt, og ein rekna med at i løpet av det første året frå funnet kom det over 10 000 menneske til Nome. Den fyrste folketeljinga var i 1900, då budde det 12 488 menneske der. Hus var mangelvare, og teltbyen strekte seg 48 km langs kysten frå Cape Rodney til Cape Nome.
Under den fyrste verdskrigen drog ein straum av unge menn frå Alaska til skyttargravene i Europa, med følgjande svikt i gullgravinga. Mellom 1916 og 1918 fall produksjonen med to tredelar. Innbyggartalet i Anvil City, gruveleiren i Nome, fall frå rundt 20 000 i 1900 til rundt 850 i 1920.[7]
Spanskesjuka
Same året blei byen ramma av spanskesjuka. Smitten kom dit med dampskipet «Victoria» i oktober 1920. Fleire passasjar blei sjuke på vegen nordover, og då skipe nådde Nome blei passasjerane nekta å komma i land. Smitten nådde byen likevel, og dei neste dagane blei meir enn 90 % av innbyggarane sjuke. Det gjekk verst ut over inuittane, som ikkje hadde like god immunitet mot influensa som europearar.[8] Av dei 250 inuittane i Nome døydde 200 i løpet av hausten og vinteren.[9] Dei døde blei henta i kjerrer og lempa stivfrosne i haugar, sidan tundraen var botnfrosen. Panikkslagne folk kjempa for å få plass i det siste skipet som forlét Nome for vinteren. Før det rakk ut i rom sjø, var dei fyrste blitt sjuke. Før skipet kom til Seattle, var fire døde og over 150 smitta.[10]
Difteri
Utdjupande artikkel for dette emnet er Serumløpet til Nome.
I 1925 blei Nome ramma av difteri. Det fanst lækjemiddel i Nenana, 1000 km unna. 20 hundesledespann frakta serumet gjennom villmarka i Alaska på 5 dagar mellom 27. januar og 1. februar. Nordmennene Leonhard Seppala med leiarhunden Togo og Gunnar Kaasen med leiarhunden Balto gjorde ein formidabel innsats. Sledehundløpet Iditarod blir køyrt kvart år til minne om denne bragda.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads