Nor Loch

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nor Loch
Remove ads

Nor Loch, òg kjend som Nor' Loch og North Loch, var ein innsjø som tidlegare låg i Edinburgh i Skottland, i området der Princes Street Gardens ligg i dag, om lag mellom Royal Mile og Princes Street.

Kjappe fakta Land ...
Remove ads

Historie

Nor Loch var opphavleg ei myr og ein del av det naturlege forsvaret rundt Edinburgh Old Town. Fordi gamlebyen var bygd på ein bratt rygg (som er godt synleg i dag), utvida han seg frå aust til vest, og Nor Loch hindra byen i å vekse.

I 1460 gav kong Jakob III av Skottland ordre om å fylle Nor Loch med vatn for å styrke forsvaret av borga.[1] Innsjøen skal aldri ha vore særskild djup.

Thumb
East Princes Street Gardens i dag.

Etter kvart som gamlebyen vart meir folkesett under mellomalderen, vart Nor Loch forureina med kloakk og avfall frå byen. I 1759 vart innsjøen drenert og vart ein del av Princes Street Gardens, men området har ofte vorte utsett for flaum.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads