Nora Mørk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nora Mørk (fødd 5. april 1991) er ein norsk handballspelar frå Oslo som frå sommaren 2022 spelar på den danske toppklubben Esbjerg.[1] Frå 2013 var den venstrehendte rykkrom-spelaren i fleire meisterskap den fremste angrepskrafta i det norske landslaget. Mørk vart europameister i 2010, 2014, 2016, 2020 og 2022, verdsmeister i 2015, 2021 og olympisk meister 2024. Ho har elles vore med på å vinne EHF-meisterligaen med så vel ungarske Győri ETO som norske IK Våg, mediakjend som Vipers.
Remove ads
Karriere
Talentfulle Mørk spelte på Bækkelagets Sportsklub i 2007 og -08, bortsett frå ei kort tid i danske Aalborg. Sesongen 2008/09 var ho aktiv i Oslo-laget Njård IL. Sommaren 2009 melde ho overgang til Noregs beste handballag på kvinnesida, Larvik HK. Gjennom sju sesongar i Larvik vann ho ei mengd norske seriemeister-titlar og NM-finalar, trass i fleire skadeavbrot i nokre av dei fyrste sesongane. Sommaren 2016 vart ho overført til ungarske Győri ETO.
Mørk debuterte på det norske landslaget den 21. september 2010 mot Romania og tok del i handball-EM 2010. Ho til dels imponerte i debutmeisterskapen, og frå sin plass som høgre kantspelar skåra ho 23 mål og var mykje delaktig i at Noreg triumferte. Langvarige kneskadar sette henne utanfor meisterskaps-turneringane dei neste to åra. I verdsmeisterskapen 2013 var ho Noregs toppskårar med sine 30 mål. Året etter var ho sentral på det norske laget som vann EM 2014. Ho kom då med i meisterrekka (All Star Team) som beste høgre rykkrom-spelar, og var med sine 41 mål atter norsk toppskårar. Under handball-VM 2015 vart ho verdsmeister og kom på ny med i meisterrekka som beste høgre rykkrom-spelar. Mørk var suveren toppskårar med 62 nettkjenningar i handballturneringa under Sommar-OL 2016, der Noreg vann bronse.
Merittar landslag
- EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige
- VM 2013: Nr 5 med Noreg
- EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania
- VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland
- OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland
- EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland
- VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
- VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike
- OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads