Bygda Sel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bygda Sel
Remove ads

Sel, tidlegare kalla Nord-Sel, er ei bygd i Sel kommune i Innlandet fylke.[1] Han hadde tidlegare status som tettstad i Oppland fylke.

Thumb
Stove ved Romundgard nedre på Sel
Thumb
Sel stasjon som inngår i Dovrebanen er på Sel. Stasjonen har ikkje lenger passasjertrafikk.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Sel ligg ved Lågen i Gudbrandsdalen nord i kommunen, 13 km. frå Otta sentrum. Dovrebanen går gjennom staden på vestsida av Lågen, medan Europaveg 6 går på austsida av elva. Fv438 går via Laurgård bru over Lågen på Sel.

Nord-Sel var tidlegare kommunesenter i Sel kommune, men etter at Dovrebanen kom og Otta stasjon blei gjort til knytepunkt mot Ottadalen og vidare vestover, overtok Otta som kommune senter.

På Nord-Sel er det ein butikk, bensinstasjon, kyrkje, eige idrettslag med fotball, ski og allidret, turlag, dansefestival, grendalag samt samfunnshus og park. Nord-Sel hadde og eige skule, Sel skule men, frå hausten 2019 blei elevane flytta over til Otta skulekrets.

På Sel ligg Nord-Sel kyrkje frå 1932.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads