Nord Pool

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nord Pool
Remove ads

Nord Pool Spot er eit offentleg selskap med hovudsete i Oslo, som verkar som marknadsplass for energi i dei nordiske landa og er einaste mangenasjonale marknad for elektrisk energi.

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Remove ads

Soge

Selskapet vart skipa i 1993 under namnet Statnett Marked AS.

Nord Pool inngjekk hausten 2007 samarbeid med OMX som òg eig dei nordiske børsane, med unntak av Oslo Børs. OMX att, er ått av Nasdaq.

Statnett og Svenska Kraftnät åtte ei stund 50% kvar. I 2011 åtte Statnett og Svenska Kraftnät 30% kvar, medan finske Fingrid Oyj og danske Energinet.dk åtte 20% kvar.

I 2019 kjøpte Euronext 66 % av aksjane i Nord Pool, medan TSO Holding eigar 34%.[1]

Nord Pool Spot har konsesjon som børs og er såleis under tilsyn frå Kredittilsynet for børsverksemda si. Nord Pool Spot vert regulert av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Det norske Oljedirektoratet har gjeve Nord Pool Spot fullmakt til å styra straumutvekslinga med grannelanda.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads