Nordisk råds litteraturpris
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nordisk råds litteraturpris blir gjeven til eit skjønnlitterært verk skrive på språket i eit av dei nordiske landa. Verket kan vere ein roman, eit drama, eller ei samling av dikt, noveller eller essay. Verket må fylla høge litterære og kunstnarlege krav. Prisen blei oppretta i 1962 og blir kvart år delt ut av Nordisk råd. Føremålet med prisen er å auke interessa for språket og litteraturen i grannelanda, og å fremje det nordiske kulturfellesskapet. Ved opprettinga var prissummen 50 000 danske kroner. Sidan 1995 har prisen vore på 350 000 danske kroner.
Remove ads
Nominasjonsprosessen
Kvart av landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige har ein komité som kan nominere opptil to verk innan 1. desember kvart år. I tillegg kan det nominerast eitt verk kvar frå Færøyane, Åland, Grønland og det samiske språkområdet.
I utgangspunktet er det verk skrivne innan dei to siste åra som kan nominerast, men sidan verk skrivne på finsk, færøysk, grønlandsk, islandsk eller samisk må finnast i omsett utgåve på anten dansk, norsk eller svensk for å kunne vurderast, kan dei vere komne ut i løpet av dei fire siste åra.
Remove ads
Tildelingar
Land og språkområde
Frå starten vart det nominert opp til to verk kvar frå Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Frå og med 1985 vert det også nominert opp til eitt verk kvar frå Færøyane, Grønland og det samiske språkområdet når det er høvelege kandidatar. Det vart utvida til å gjelde Åland òg frå 2011. Færøyingen William Heinesen fekk likevel prisen allereie i 1965, men han var då nominert frå Danmark.
Nils-Aslak Valkeapää som fekk prisen i 1991, var nominert frå det samiske språkområdet, og Rói Patursson frå Færøyane fekk prisen i 1986. Som den første frå Grønland vann Niviaq Korneliussen prisen i 2021. Elles er alle tildelingane gått til forfattarar frå dei fem store landa, med seksten prisar til Sverige, tretten til Danmark, ti til Noreg, ti til Finland og åtte til Island.
Kjønnsfordeling
Sara Lidman fekk prisen som fyrste kvinne i 1980, etter 18 strake tildelingar til mannlege forfattarar. Femten av dei femtini som har motteke prisen til og med 2019 er kvinner. Det gjev ei fordeling på 25 % prosent til kvinner og 75 % til menn, men om ein ser berre på dei siste tretti åra, så er tildelingane jamnare fordelte mellom kjønna.
Prisvinnarar






Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads