Norsk senter for forskningsdata
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
NSD – Norsk senter for forskingsdata var eit nasjonalt dataarkiv. NSD hadde som føremål å sikra fri og ope tilgang til forskigsdata, og å betra høva for empirisk forsking.[1] Den 1. januar 2022 vart NSD lagt ned og oppgåvene overført til Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør.[2]
Remove ads
Historie
Organisasjonen vart oppretta i 1971 som eit organ underlagt Noregs forskingsråd. Fram til 1. mars 2016 var namnet Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (derav forkortinga NSD).[3] Etter vedtak i Stortinget vart NSD frå 1. januar 2003 organisert som eit aksjeselskap eigd av Kyrkje- og undervisningsdepartementet, no Kunnskapsdepartementet.[4][5] NSD har hovudkontor i Bergen, med representantar i Oslo, Trondheim og Tromsø. NSD hadde eit nyhendebrev, NSDnytt, som dei gav ut fire gongar i året.[6]
Remove ads
Føremål og samarbeidspartnarar
NSD vart oppretta med føremål om å vere eit arkiv for forskingsdata (i første rekkje kvantitative data), og dessutan for å leggje til rette for at desse dataa skal vere lettare tilgjengeleg for forskarar og studentar. NSD var òg tenesteleverandør på ei rekkje område, hovudsakleg for offentleg sektor. Mellom anna hadde NSD vore sentral i gjennomføringa av skulevala. Viktige samarbeidspartnarar nasjonalt inkluderte Statistisk sentralbyrå (SSB), Noregs forskingsråd, Datatilsynet, Kunnskapsdepartementet, og dessutan heile universitet- og høgskulesektoren. Internasjonalt samarbeidde NSD med dataarkiv over heile Europa på felles europeiske prosjekt, mellom anna European Social Survey.[7]
Remove ads
Leiing
Med unntak av eit kort opphald var Bjørn Henrichsen direktør/administrerande direktør for NSD sidan starten i 1971. Siste styreleiar for NSD var Petter Aasen.[8]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads