Norske pengesetlar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Norske pengesetlar er verdipapir som er eller har vore brukt som betalingsmiddel i Noreg. I dag blir setlar og myntar med påskriven verdi i norske kroner brukt som kontantar i Noreg. Det er Norges Bank som lagar dei norske setlane. Dagens norske myntar og setlar er såkalla fiat-pengar.




Remove ads
Historie
Frå 1877, etter etableringa av den skandinaviske myntunionen, og fram til i dag, har norske pengesetlar omfatta 1000-, 500-, 100- og 50-kronesetlar. I 1994 vart den første 200-kronesetelen utgjeven. 5- og 10-kronesetlar var òg i bruk frå 1877, men vart erstatta med myntar i 1963 og 1983. Setlane er utgjevne i seriar som byrja med serie I i 1877 og gjekk inn i serie VII frå 1994.
Under første og andre verdskrigen og etterkrigsåra i 1917–1925 og 1940–1950 var det mangel på vekslepengar, og 1- og 2-kronesetlar vart trykt som «skiljemyntsetlar». Den første utgåva vart ugyldiggjort i 1926, medan den andre utgåva formelt sett var gyldig heilt til 1999. For fleire detaljar sjå avsnittet om historiske norske pengesetlar nedanfor.
Verdskrigane skapte både eit stort behov for kontantar og ein mangel på metall til å lage myntar av. I 1917 vart det vedteke ein ny lov som opna for 1-krona og 2-krona «skiljemyntsetlar» som svar på ein førespurnad frå Noregs Bank til Finansdepartementet:
- Norges Banks direktion har i en skrivelse av 8de september 1917 meddelt departementet, at mangelen paa skillemynt nu er blit likefrem utaalelig. Den ene bedrift efter den anden klager over, at de ikke kan skaffe sine arbeidere den bestemte løn, og handelsmændene kan ikke veksle kundernes pengesedler.[1] Deretter vart skiljemyntsetlar trykt fram til 1925, men vart gjort ugyldige allereie i 1926 då økonomien hadde stabilisert seg etter første verdskrigen.
Skiljemyntsetlar på 1 krone og 2 kroner vart òg trykt under andre verdskrigen (1940−45) og fram til 1950. Desse vart ikkje gjort ugilde etter krigen. Likevel vart heile serie II som var trykt i perioden 1901−45 gjort ugild den 9. september 1945, og dei som ikkje kunne gjere tilfredsstillande greie for kontantbehaldninga fekk berre avgrensa kompensasjon i nye pengar. Dette vart gjort for å avgrense verknaden av krigsprofitering.
5-krona- og 10-kronesetlar var i bruk frå 1877, men vart erstatta av myntar i høvesvis 1963 og 1983 basert på kost-/nytteanalysar.
Bortsett frå dei første skiljemyntsetlane i 1926 og serie II setlane i 1945 var alle norske setlar frå serie I til og med serie V, inkludert 5- og 10-kronesetlar og dessutan skiljemyntsetlane frå andre verdskrigen, formelt sett gilde – dvs mogleg å veksle inn i Noregs Bank – heilt fram til 1998 (serie I) og 1999 (serie III, IV, V, og dei siste skiljemyntsetlane). 1000- og 500-kronesetlane frå serie V var gilde til høvesvis 2001 og 2002.
Etter sterk inflasjon gjennom 1970- og 1980-talet, trengde ein ein valør mellom 100 kroner og 1000 kroner i tillegg til den på 500 kroner.[2] Den første norske 200-kronesetelen vart utgjeven i 1994. Bruken av 500-kronesetlar og 200-kronesetlar har auka i seinare år, særleg etter at dei vart innført i minibankar. Tilsvarande har 100-kronesetlar vorte delvis fortrengde frå minibankar og bruken har gått ned.
Den mest verdifulle norske pengesetelen har alltid vore 1000-kronesetelen, men verdet på setelen har vorte desimert opp gjennom åra. På 100 år frå 1904 til 2004 har verdet av 1000 kroner gått ned til 1/55 av det han var, frå meir enn 4000 brød til mindre enn 70 brød. (Prisen på eit brød i 2004 var omtrent 15 kroner, og konsumprisindeksen i nemnde periode auka frå 2,0 til 113,3.[2]) I dag kan det synast uforståeleg at det skulle vere nytte for så store setlar for over 100 år sidan.
Remove ads
Norske setelseriar
Utgåve VIII (2017-)
Utgåve VII (1994-2020)
Utgåve VI (1979-2001)
Utgåve V (1962-1987)
Utgåve IV (1948-1976)

Utgåve III (1945-1955)
Utgåve II (1901-1945)
Utgåve I (1887-1901)
Skiljemyntsetlar (1917-1950)

Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads