NorthKid

norsk popband From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

NorthKid er eit norsk popband frå Alta og Hasvik som vart skipa i 2017. Bandet deltok i Melodi Grand Prix 2022 med låten «Someone», og fekk ein andreplass i finalen, bak vinnaren Subwoolfer.

Kjappe fakta Aktiv, Sjanger ...

Bakgrunn

Historia til bandet byrja rundt 2010, då altaværingane Helge Moen og Håkon Guttormsen byrja å spele og skrive musikk saman med nokre vennar.[1] Etter ein konsert med det lokale bandet «Shameless Lisa and the Hormonal River of Boys» på Ungdommens hus i Alta i 2013, vart kameratane inspirerte til å starte sitt eige band. Bandet fekk namnet «Approaching Pluto», og dei spela konsertar både lokalt i Finnmark og utanlands, nærare bestemt i Russland, Finland, Sverige og England.[1][2]

Etter nokre år med rock i Approaching Pluto valde bandet å endre sjangeren i retning av pop, og dei endra namnet til NorthKid. Gruppa fekk med seg Bilal Saab som vokalist, og starta eit profesjonelt samarbeid med musikkprodusenten Kåre Vestrheim.[1] Etter eit par coverutgjevingar og framsyningar på lokale festivalar i Troms og Finnmark, slapp bandet debutsingelen «Firefly» i november 2017. Låten skreiv dei sjølv saman med Jesper Borgen, Mike Hartung og samarbeidspartneren Vestrheim.[1] Dei neste åra følgde ei rekkje nye singlar, og hovudvokalisten Bilal Saab deltok i, og vann, StjernekampNRK1 hausten 2019.[3][4] Men konsertverksemda til bandet vart kraftig avgrensa i 2020 og 2021 på grunn av koronapandemien og medfølgjande restriksjonar for kulturliv og folkesamlingar.[5]

I januar 2022 kunngjorde NRK at NorthKid var ein av dei direktekvalifiserte finalistane til Melodi Grand Prix 2022.[6] Dei presenterte låten sin, popballaden «Someone», i den tredje delfinalen laurdag 29. januar 2022.[6] Songen var skriven av bandmedlemmet Helge Moen saman med Alex Charles, Sandra Lyng og Jim Bergsted.[7] Bandet kvalifiserte seg til finalen laurdag 19. februar, og enda opp på andreplass bak vinnaren Subwoolfer.

Remove ads

Besetning

Medlemmar i bandet per 2022:[1][8]

  • Håkon Mathias Guttormsen (f. 1996) – gitar, synth, vokal
  • Helge Reinsnes Moen (f. 1995) – synth, vokal
  • Vegard Olaussen (f. 1996) – bass, synth
  • Bilal Saab (f. 1999) – vokal
  • Sebastian Manshadi Willassen (f. 1996) – trommar

Diskografi

Singlar

  • 2017: «Think Before I Talk» (live akustisk coverlåt)[9]
  • 2017: «Dirty Sexy Money» (live akustisk coverlåt)
  • 2017: «Firefly»
  • 2018: «Mono»
  • 2018: «Give Me a Call»
  • 2019: «Done Fighting»
  • 2020: «I Don't Love You»
  • 2020: «Talk About Us»[10]
  • 2020: «Still Here for You»[11]
  • 2021: «Lonely Too»
  • 2022: «Someone»

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads