North Channel

From Wikipedia, the free encyclopedia

North Channelmap
Remove ads

North Channel (skotsk gælisk og irsk Sruth na Maoile, på skotsk gælisk også Sheuch[1]) er eit sund mellom Nord-Irland og Skottland. Sundet går mellom Irskesjøen i sør og Atlanterhavet i nord.[2]

Kjappe fakta Land ...

Sundet byrjar nord for Isle of Man og går inn i Atlanterhavet mot nordvest.[3] Firth of Clyde går over til sundet mellom sørtippen av halvøya Kintyre og Corsewall Point ved Rhins of Galloway.[4] Den djupaste delen av sundet vert kalla Beaufort's Dyke, med ei maksimaldjupne på 312 meter (1 024 ft).[5] Mange ferjesamband kryssar sundet. I 1953 var sundet åstad for eit alvorleg skipsforlis då ferja «Princess Victoria» sokk.

Det har lenge vore snakk om å byggje ein tunnel under sundet for å knyte Nord-Irland til resten av Storbritannia. I august 2007 la Centre for Cross Border Studies fram forslag om ein 34 km lang jernbanetunnel under eller bru over sundet med ei kostnadsrame på 3,5 milliardar pund[6] (om lag 33 milliardar kroner).

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads