Not Fade Away
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Not Fade Away» er ein song av Buddy Holly og Norman Petty som først vart spelt inn av The Crickets, bandet til Holly, i Clovis i New Mexico i mai 1957. Rytmen til songen er eit klassisk døme på Bo Diddley-rytmen. Songen vart opphavleg gjeve ut som B-sida til «Oh, Boy!» og seinare på albumet The «Chirping» Crickets.
Musikkmagasinet Rolling Stone hadde versjonen til Holly på 108. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Remove ads
Originalsongen
Holly and The Crickets spelte inn songen i Clovis i New Mexico den 27. mai 1957, same dagen som songen «Everyday» vart spelt inn.[1] Rytmemønsteret til «Not Fade Away» er ein variant av den legendariske Bo Diddley-rytmen, der trykket kjem på den andre, og ikkje det tredje slaget i den første takten. Jerry Allison, trommeslagaren i The Crickets, slo rytmen på ei pappøskje.[2] Allison, bestevenen til Holly, skreiv om noko av teksten, men namnet hans kom aldri med som låtskrivar på songen. Joe Mauldin spelte kontrabass på denne inspelinga. Truleg var korvokalistane Holly, Allison og Niki Sullivan, men dette er ikkje heilt sikkert.[1]
«Not Fade Away» vart opphavleg gjeven ut som B-sida til hitsingelen «Oh, Boy!» og kom så ut på albumet The "Chirping" Crickets (1958).
I motsetnad til det som vert vist i filmen The Buddy Holly Story (1978), var ikkje «Not Fade Away» den siste songen Holly spelte på den siste konserten sin i Clear Lake i Iowa, den 2. februar 1959, like før han omkom i ein flystyrt. Den siste songen var «Brown Eyed Handsome Man», som vart framført av alle artistane som hadde spelt den kvelden.
Remove ads
The Rolling Stones
I 1964 spelte The Rolling Stones inn ei utgåve av «Not Fade Away», som la stor vekt på Bo Diddley-rytmen, og han vart ein stor hit i heimlandet. Songen var og den første av bandet som vart gjeven ut i USA.
Han vart spelt inn seint i januar 1964 og kom ut 21. februar 1964 med «Little by Little» som B-side. Songen klarte å nå tredjeplass på den britiske singellista, som den første songen deira på Topp 5.[3] I USA nådde singelen 48. plass, her med songen «Stoned» som B-side.[4] Songen var ikkje med på den britiske utgåva av debutalbumet deira, The Rolling Stones, men var opningsspor på den amerikanske utgåva, som hadde tittelen England’s Newest Hitmakers. Songen vart mykje spelt på konsertar dei første åra til the Stones, vanlegvis som opningssong.
Medverkande
- Mick Jagger – vokal og perkusjon
- Keith Richards – gitar
- Brian Jones – munnspel og perkusjon
- Bill Wyman – bassgitar
- Charlie Watts – trommer
- Phil Spector – maracas[4]
Rush
Rush-versjonen av «Not Fade Away» var debutsingelen deira, gjeven ut i 1973. B-sida til singelen var «You Can't Fight It», og var den første originale songen Rush gav ut. Singelen er sjeldan og eit samlarobjekt i dag. Ingen av desse songane er nokon gong gjevne ut på CD offisielt.
Remove ads
Andre utgåver
Fleire artistar har gjort sine utgåver av songen, mellom andre Grateful Dead, Bobby Fuller Four, Bruce Springsteen, Bob Dylan, Tom Petty, Patti Smith, Freddie Mercury, Tanya Tucker, Eric Hine, The Supremes, The Everly Brothers, Hank Marvin, Noel Redding, Sheryl Crow, The Beatles, Quicksilver Messenger Service, Stephen Stills og James Taylor.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads