Not the Same av Sheldon Riley
song frå 2022 med Sheldon Riley From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Not the Same» (norsk omsetjing 'ikkje den same') er ein popsong frå 2022 som vert framført av den australske artisten Sheldon Riley. Songen vart gjeven ut 15. februar 2022 og var det australske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Remove ads
Om songen
Riley skreiv «Not the Same» saman med Cam Nacson og Timi Temple, og songen handlar om diskriminering og ekskludering.[1] Riley skreiv teksta til songen seint i 2015, og teksta omhandlar oppveksten til artisten – om då han vart diagnostisert med Asperger syndrom som seksåring, oppveksten i kommunal leilegheit og om det å «flytte heimafrå, utan å vite om den seksuelle legninga si i ein djupt religiøs familie».[1]
Hausten 2021 sende Riley inn songen til den australske kringkastaren Special Broadcasting Service (SBS). Songen vart plukka ut til å delta i songtevlinga Eurovision – Australia Decides, der vinnaren får representere Australia i Eurovision Song Contest. Under finalen laurdag 26. februar 2022 vann han tevlinga samanlagt, og «Not the Same» vart det australske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[2] I Eurovision Song Contest vart songen nummer to i den andre semifinalen og enda til slutt opp som nummer 15 av 25 i finalen.[3]
Etter den australske finalen debuterte «Not the Same» på tredjeplass på hitlisten til Australian Independent Label.[4]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads