Notodden kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Notodden kyrkje er ei langkyrkje frå 1938 i Notodden kommune i Telemark.
Arkitektane, Dagfinn Morseth og Mads Wiel Gedde, vann ein arkitektkonkurranse i 1932, men det tok nokre år før bygginga vart gjennomført. Kyrkja vart oppført i 1937–38 og innvigd 20. februar 1938. Den berande konstruksjonen er av tegl og stein,[2] og kyrkja har tilnærma basilikaform samt eit tilnærma frittståande klokketårn (kampanile). Lillestrøm kyrkje vart teikna av dei same arkitektane etter Notodden, men vart fullført før kyrkja på Notodden.
Altartavla er måla av Henrik Sørensen og viser ein blond kristusfigur.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Gravplassen på Notodden er nokre hundre meter nordvest for Notodden kyrkje.
Remove ads
Kjelder
- Frantzen, Arne (2009). Notodden kirke. Notodden. ISBN 978-82-91399-12-6.
- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Notodden kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 56-57. ISBN 82-90695-00-4.
- Notodden kyrkjelege fellesråd Arkivert 2014-02-08 ved Wayback Machine.
- «Notodden kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
- Dahle, Einar; Havran, Jiri (2008). «Lillestrøm kirke. Modernisme i rødt». Kirker i Norge, bind 6: Modernismen. 1900-tallet. Oslo: ARFO. s. 68-73. ISBN 978-82-91399-12-6.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 487. ISBN 82-7527-022-7.
- Notodden kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads