Nouakchott

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nouakchott
Remove ads

Nouakchott (arabisk نواكشوط, berbisk Nwakcoṭ) er hovudstaden og den største byen i Mauritania. Byen ligg på eit platå rundt 4 kilometer frå kysten av Atlanterhavet, i ytterkanten av Sahara.[2] Han er ein av dei største byane i Sahara.[3]

Kjappe fakta Land, Areal ...
Remove ads

Historie

Nouakchott blei grunnlagd i 1903 langs handelsvegen mellom nord og sør, der nordområda var rike på mineral og sørområda var fruktbare med jordbruk.[2] Busetnaden var framleis på storleik med ein landsby då han blei gjort til mauritansk hovudstad 1957.[2] Periodar med tørke har ført til stor tilflytting til byen.[2]

Djupvasshamna nær byen, Port de l'Amité, blei bygd på 1980-talet.[4] Det blir drive eksport frå denne hamna av råolje og kopar.[2] Byen har også ein del industri, blant anna raffinering av sukker.[2] Nasjonalmuseet i landet, to større moskear og eit universitet frå 1981 ligg i Nouakchott.[2] Byen har også ein internasjonal flyplass.[2]

Remove ads

Administrasjon

Nouakchott er delt inn i tre administrative regionar (wilayat) som er leidde av guvernørar utnemnde av den sentrale styresmakta. Kvar region er delt inn i tre department (moughataa):

  • Nouakchott-Nord (Nouakchott nord): Dar-Naim, Teyarett, Toujouonine
  • Nouakchott-Ouest (Nouakchott vest): Ksar, Sebkha, Tevragh-Zeina
  • Nouakchott-Sud (Nouakchott sør): Arafat, El Mina, Riyad

Nouakchott var opphavleg eit distrikt, men blei ein mauritansk region i 1990.[5] 25. november 2014 blei denne delt inn i dei tre noverande regionane.[6] Den tidlegare guvernøren av Nouakchott, Mahi Ould Hamed, blei den fyrste guvernøren av Nouakchott-Nord.[7]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads