Novella av Renaissance

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Novella er det sjuande studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1977.

Meir informasjon Renaissance-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

Sidan plateselskapet til bandet i Storbritannia, BTM, gjekk konkurs, vart albumet gjeve ut i USA nokre månader før det kom ut i Storbritannia, noko som førte til at det vart importert til Storbritannia av britiske fans. Då albumet kom ut vart selskapet Sire distribuert av ABC Records i USA. Plateomslaget bestod av kunst laga av Pamela Brown og var eit anna bilete enn det som vart brukt på den seinare, britiske utgåva. Kort tid etter, endra Sire distribusjonen i USA til Warner Bros. Records og omslaget vart endra til å bli det same som det britiske.

Etter BTM gjekk konkurs, hadde bandet i røynda gått med på å signere kontrakt med CBS Records UK. Men dei signerte i staden for Warner Brothers.

Albumet nådde 46. plassen på Billboard 200-lista i USA.[2]

Songen «Can You Hear Me?» vart sampla av Deep Puddle Dynamics på albumet We Ain't Fessin' (Double Quotes), og Blockheads på albumet Music by Cavelight og sporet «Sunday Seance».

I 2019 gav Esoteric Recordings ut ei ommastra utgåve av albumet på tre CD-plater.[3]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Utvida utgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Renaissance

  • Annie Haslam – solo- og korvokal, ymse perkusjon
  • Michael Dunford – akustisk gitarar (6 & 12-strengs), korvokal
  • John Tout – piano (Steinway flygel), elektrisk klaverinstrument (analog synthesizer & Hohner D6 clavinet), korvokal, perkusjon
  • Jon Camp – bass (Rickenbacker 4001), akustisk gitarar, solovokal på spor 4, korvokal, Moog basspedalar, cello på spor 2
  • Terence Sullivan – trommer, perkusjon, korvokal

Andre medverkande

  • Richard Hewson - orkesterarrangement & dirigent
  • ikkje oppført - saksofonsolo på «Touching Once»

Produksjon

  • Dick Plant - lydteknikar, medprodusent
  • Barry Kidd - assisterande lydteknikar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads