Nuba i Hebron
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nuba (arabisk نوبا) er ein palestinsk landsby som ligg 11 kilometer nordvest for Hebron. Landsbyen høyrer til Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 4 336 i 2007.[2]
Remove ads
Historie
Landsbyen er nemnt seint på 1300-talet i eit dokument av mamelukk-sultanatet som styrte Palestina frå Kairo, der tre landsbybuarar er kalla «ar'ru'asā (leiarane) i landsbyen Nūbā».[3]
Osmansk tid
Nuba vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelista frå 1596, landsbyen oppført i skattelister som ein del av i Halil nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 82 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, vindruer og frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[4]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Nuba som «ein liten landsby oppå ein låg ås, med ein brunn kring 1,5 km mot aust.»[5]
Det britiske mandatet
I folketeljinga i 1922 hadde Nuba' 357 innbyggjarar, alle muslimar.[6] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 611 muslimar, i 140 hus.[7]
I 1945 var folketalet i Nuba 760 arabarar, som eigde 22 836 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 403 mål var plantasjar og irrigert land, 10 116 for korn,[9] medan 33 mål var utbygd (urbant) land.[10]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads