Nubl

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nubl
Remove ads

Nubl (arabisk skrift نبل, òg skrive Nubbul eller Nubbol) er ein liten by nord i Syria i Aleppo guvernement, nordvest for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein al-Zahraa like i sør, Anadan i søraust, Tel Rifaat i nordaust, Aqiba i nord og Barad i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Nubl eit folketal på 21 039 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sjiamuslimar og i lag med den nærliggande al-Zahraa, dannar Nubl eit lite sjiasamfunn som er ei lomme i eit hovudsakleg sunnimuslimsk område i Aleppo guvernement.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Den syriske borgarkrigen

Nubl og al-Zahraa vart kringsett av opprørarane med Den frie syriske armeen (FSA) i juli 2012. Rørsla ut av Nubl er strengt overvaka og byen er avhengig av å få forsyningar via lufta av den syriske hæren. Sjølv om fofrholdet mellom innbyggjarar i Nubl og landsbyane kring normalt har vore venleg, har den syriske borgarkrigen gjort at motstandarar av regjeringa frå nærliggande sunni-landsbyar har hevda at Nubl og al-Zahraa husar regjeringsvenlege militsar som har utført åtak mot opposisjonen. Det har vore fleire hemn-kidnappingar mellom Nubl og opprørsvenlege landsbyar i nærleiken.[2][3] Etter månader med slike kidnappingar, vart folkeråd i dei to byane samde om å byrje forhandlingar med sunniopprørarane den 27. mars 2013. Avtalen om å forhandle vart organisert av kurdarar frå Kurd Dagh-området i nærleiken, som er kontrollert av kurdiske separatistar i PYD. Kurdarane fungerte som meklarar og fleire kidnappa personar på begge sider vart sleppte fri.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads