Numbers av Cat Stevens
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Numbers er det niande studioalbumet og det første konseptalbumet til den engelske songar/låtskrivar Cat Stevens, utgjeve i november 1975.
Remove ads
Historie
Albumet Numbers, med undertittelen «A Pythagorean Theory Tale», var basert på ein fiktiv planet i ein fjern galakse ved namn Polygor. Albumet inkluderte eit hefte med utdrag frå ei planlagd bok med same namn skrive av Chris Bryant og Allan Scott. Heftet har penn-og-blekk-illustrasjonar teikna av Stevens.[2]
Konseptet med albumet er ein fantastisk andeleg musikal som er sett til planeten Polygor. I historia er det eit slott med ei talmaskin. Denne maskina eksisterer for å oppfylla det einaste føremålet til planeten - å spreia tal til resten av universet: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 9 (men vel å merka ikkje 0). Dei ni innbyggjarane på Polygor, polygonane, er Monad, Dupey, Trezlar, Cubis, Qizlo, Hexidor, Septo, Octav og Novim. Som dei siste linjene i boka seier, følgde dei «eit rutineprega liv som hadde eksistert så lenge nokon kunne hugsa. ... Det var derfor dess meir sjokkerande då ting byrja å gå gale ein heilt vanleg dag.» Forandringa kjem i form av Jzero, som kjem frå ingenting som ein slave og til slutt forvirrar alle med den enkle sanninga si.[2]
Remove ads
Utgjeving
Ved den første utgivinga i slutten av 1975 vart både fans og kritikarar forvirra av konseptet og mangelen på den typen «fengjande» musikk som dei hadde vore vand til frå Stevens, og sjølv om albumet til slutt oppnådde gullstatus, selde det langt mindre enn dei tidlegare fire albuma hans og vart rekna som ein kritisk fiasko. På eit tidspunkt vurderte A&M Records (det amerikanske plateselskapa hans) å seia opp kontrakten hans, men han hadde framleis to album igjen å laga for dei. Stevens heldt fram med å vera bitter over prosessen med ry og pressa for å tena pengar for plateselskapet sitt, og distanserte seg frå å delta i promotering for albumet.
Konfrontert med eit ultimatum frå plateselskapet i retning av «lag ei pop-plate, elles», sette han seg for å laga ei av dei dyrare platene i karrieren, Izitso frå 1977, som gav fleire hittar. Suksessen med Izitso viste plateselskapet at han framleis var hitverdig, men Stevens var no i ferd med å omfamna trua på islam, og etter å ha levert albumet Back to Earth trekte han seg heilt ut av musikkbransjen, skifta namn til Yusuf Islam, og vigde seg sjølv til den islamske trua, utdanning og humanitært arbeid. Men han vende offisielt tilbake til popmusikken med utgivinga av An Other Cup i 2006.
I 1994 vart Numbers gitt ut i ei avgrensa utgåve saman med albuma Izitso og Back to Earth i ein boks kalla Three frå Mobile Fidelity Sound Lab. Denne boksen er ikkje lenger tilgjengeleg og er derfor høgt verdsett blant samlarar.
Island Records kontrollerer ikkje lenger opphavsrettane til Cat Stevens-albuma han spelte inn for Island etter 1974, inkludert Numbers. Dei er i dag eigde av Yusuf Islam sjølv gjennom plateselskapet Cat-O-Log Records.
Remove ads
Innhald
Den originale LP-plata braut tradisjonen og kalla den andre sida «Side 0», ein referanse til Jzero.
Alle spor skrivne av Cat Stevens
Medverkande
- Cat Stevens – akustisk and elektrisk gitar, 12-strengsgitar, piano, Fender Rhodes elektrisk piano, ARP 2600, ARP 2500, vokal
- Alun Davies – akustisk gitar, 12-strengs akustisk gitar, vokal
- Bruce Lynch – bass, kontrabass
- Jean Roussel – piano, Yamaha orgel, Wurlitzer elektrisk piano, synthesizer, cembalo, Hammondorgel, string synthesizer, vokal, vibrafon
- Gerry Conway – trommer, vokal
Andre medverkande[3]
- Simon Nicol – akustisk gitar, elektrisk gitar, 12-strengs elektrisk gitar
- Chico Batera – conga, vindbjøller, ganza, triangel, vassfon
- Gordie Fleming – trekkspel
- David Sanborn – altsaksofon
- Magic Children of Ottawa – vokal
- Barbara Massey – vokal
- Carl Hall – vokal
- Tasha Thomas – vokal
- Art Garfunkel – vokal
- Lewis Furey – vokal
- Melba Joyce – vokal
- Carmen Twillie – vokal
- Brenda Russell – vokal
- Vennette Gloud – vokal
- Suzanne Lynch – vokal
- Anna Peacock – vokal
- Vincent Beck – vokal
Remove ads
Salslister
Remove ads
Salstrofé og salstal
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads