Numedalslågen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Numedalslågen er med sine 352 km ei av Noregs lengste elvar. Elva har utspring på Hardangervidda og renn derfrå gjennom Sæterdalen til Dagali, vidare nedover Numedal til Kongsberg, og derfrå ned til Larvik, der elva renn ut i Skagerrak. Elva er regulert ved Rødberg, Nore og Uvdal.

Foto:
Mahlum

Numedalslågen vart tidlegare nytta til tømmerfløyting. Strekninga frå sjøen og opp til Hvittingfoss har laks og sjøaure. Numedalslågen er av dei betre lakseelvene i Noreg. På den nedre delen av elva blir det tradisjonelle flåtafisket framleis halde i hevd. Denne tradisjonen er kjent 500 år tilbake i tid.
Sommaren 2007 hadde Numedalslågen ein storflaum, som førte til relativt store øydeleggingar langs heile vassdraget. Vassføringa var minst 5 meter høgare enn vanleg i Juli.
Remove ads
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads